Utviklingsarbeid

To skular skal bli til ein og ny læreplan.

Ein felles kultur og LK20

Det kan vere eitt eller fleire utviklingsarbeid ved skulen. Akkurat no er skulen i ein stor prosess med å slå saman to kulturar. Gjere to skular om til ein. Alt av visjonar, plattformar, arbeidsmetodar, prosedyrar, rutinar etc. må gjennomgåast og fornyast. Vi skal bli einige om ein kurs og ei felles retning.

I tillegg er arbeidet med den nye læreplanen omfattande. Vi starta arbeidet med den overordna delen av LK20 hausten 2018, og har arbeidd i samla kollegium, i faggrupper og individuelt med dei ulike delane. Utdanningsdirektoratet (Udir) lagar kompetansepakkar som vi arbeider med etter kvart som dei kjem. Udir har også utviklia nettressursar og digitalt planleggingsverktøy som er nyttig for oss som tilsette i prosessen med å innføre det nye læreverket.

DEKOMP

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skole.

DEKOMP er ei nasjonal satsing som leiargruppene ved kvar skule er involverte i, og er ein modell Utdanningsdirektoratet har for lokal kompetanseutvikling i skulen. For vår region, er det Høgskulen i Volda i samarbeid med Sunnmøre Regionråd som leiar satsinga. Ei av målsettingane for utviklingsarbeidet er å ta utgangspunkt i «utfordringar den enkelte skule eller kommune har, og føre til betre læring for elevane».

Kompetansehevinga er satt saman av fire samlingar over to år, der Høgskulen i Volda har forelesingar og regi for arbeid i nettverksgrupper. Nettverksgruppene møtes mellom samlingane, og deler erfaringar og mellomarbeid som er gjort ut frå sentrale tema.

Giske ungdomsskule er i nettverk saman med leiargruppene frå Sula ungdomsskule, Sykkylven- og Stranda.