Skuleskyss

Skuleskyssordninga for ungdomsskulen er drifta av Møre og Romsdal Fylke. De finn meir informasjon på Fylket sine nettsider under skuleskyss grunnskule:

https://mrfylke.no/utdanning-og-karriere/opplaering-i-skole/skoleskyss/skoleskyss-i-grunnskole

Du har rett på fri skuleskyss i ungdomsskulen dersom:

  • du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skule.
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og skule. 
  • du har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skule. Kommunen gjr vurdering dersom avstanden er under skyssgrensa
  • det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og skule
  • eleven har ikkje rett til fri skuleskyss i samband med SFO og leksehjelp

*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole

Eleven eller føresette fyller ut søknadskjemaet om skoleskyss leverer dette til skolen. Har eleven delt bustad må skjema for stadfesting om dette bli levert saman med søknaden. Søknadskjema og stadfesting finn du i "Skjema og reglement som gjeld skoleskyss"

 

Skuleskyss ved delt bustad

Elevar som bur i delt bustad kan ha rett på skyss til to adresser.  Det er ikkje krav om absolutt 50/50 omsorgsdeling, men delt bustad skal vere reell og dokumentert. Samværsordning gir ikkje skyssrett. Eleven må levere skjemaet for "Stadfesting av delt bustad" når dei søker om skoleskyss. 

 

Når gjeld skysskortet?

Elevar som har rett på skoleskyss, får eit eige skysskort.

  • Kortet gjeld på strekninga mellom bustad og skole.
  • Skysskortet gir rett til skyss til og frå skolen ved skolen si ordinære start- og sluttid.

Skoleskyssordninga dekker ikkje:

  • Reiser etter SFO og leksehjelp 
  • Transport i samband med ekskursjonar og andre aktivitetar i skoletida, samt utplassering i ungdomskole.
  • Reiser på ferie- og fridagar.

Artikkelliste