Skulehelsetenesta i Giske kommune er lagt opp etter føreskrift av 19.10.2018 om kommuna si helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste. Helsesjukepleiar har ansvaret for skulehelsetenesta og sit i inkluderingsteam på skulen. Kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgivar.
Mål for tenesta er å fremme helse og utvikling i oppvekståra. Tenesta skal i samarbeid med heim, skule og hjelpeapparat, arbeide for å identifisere og løyse dei helseproblem som spesielt knyt seg til skuleeleven sin situasjon. Skulehelsetenesta skal arbeide for at elevane går ut av skulen med ei så god helse som mogleg og med ei åtferd som påverkar helse, livsstil og livskvalitet i ei positiv retning.
Helsesjukepleiarane har trefftid på skulane og har faste dagar på skulen. Foreldre, elevar og lærarar kan ta kontakt.
Kontaktperson for Giske skule: Hildegunn Sæbø. Tlf. 900 45 532 (08-15). Send gjerne sms.
Trefftid på skulen: måndag og anna kvar torsdag (partalsveker).
Du kan lese meir om skulehelsetenesta her:
Skulehelsetenesta - Hovedportal