Foreldrebetaling i skulefritidsordningane

Giske kommunestyre gjer vedtak om betalingssatsar for tilbod i SFO. Satsane blir årleg justerte i kommunestyret.

Betalingsatsar i SFO 2025

Betalingsatsar i SFO 2025
OpphaldstidSatsSats søskenPris med gratis timar
3 dagar heil plasskr 2 672kr 2 004kr 582
4 dagar heil plasskr 3 575kr 2 681kr 1 485
5 dagar heil plasskr 4 179kr 3 134kr 2 090
Berre ettermiddag (5 dagar)kr 3 448kr 2 586kr 1 358
Berre morgon (5 dagar)kr 1 149kr 862
Kjøp av dagkr 373kr 280
Kjøp av feriedagkr 677kr 508
Kjøp av timekr 89kr 67

 

Etter søknad kan det gjerast vedtak om redusert foreldrebetaling. Det skal betalast maksimalt 6 % av brutto løns- og kapitalinntekt i husstanden. 

Elevar i 1. – 3. klasse har rett på 12 timar gratis SFO per veke. 

Elevar i 5 – 7. klasse har rett på å gratis SFO. 

Betaling for 11 månader per skuleår. 

Søskenmoderasjon er på 25 % for barn nummer to eller fleire. 

4- og 3 dagar heil plass har faste fridagar per veke. Dette gjeld heile året. 

Dei som berre har ettermiddagstilbod kan i ferievekene gjere om dette til opphald tre dagar. 

Dei som berre har morgontilbod kan i ferievekene gjere om dette til opphald ein dag. 

Dei som har deltidstilbod får kjøpe ekstra dagar på feriedagar og inneklemte dagar. Dette etter avtale med SFO-leiar.

Nye vedtekter frå hausten 2025:

Giske kommunestyre har vedtatt nye vedtekter for skolefritidsordningane. Vedtektene finn du nettsida til kommune. Endringar som ein kan merke seg:

- Det er nye opningstider i alle fire SFO-ordningane. Ordningane er dagleg ope frå kl. 07.30 til kl. 16:30

- Det er høve til å melde seg på 10 eller 11 månader i skuleåret

- For dei som har tilbod om 12 timar gratis per veke blir desse timane lagt til måndagar og tysdagar i ferieveker

- I ferievekene kan SFO-tilbodet bli samla på ein av barneskulane i kommunen, truleg på Valderøy barneskule

 

Betaling for tilbodet:

10 månaders tilbod:

Opphaldstida følgjer skuleruta, det vil seie at det er tilbod dei dagane det er undervisning. Satsen er utrekna ut frå tilbod i 190 dagar i eit skuleår. Det blir kravd betaling for halve august og halve juni. Dei andre månadane skal det betalast full betaling, og det er lik betaling for alle månadane.

11 månaders tilbod:

Tilbodet startar den måndagen som er nærmast 1. august. Det vil seie at i 2025 startar SFO-tilbodet opp att etter ferien den 04.08. I 2026 er startdato 3. august. Ordninga er feriestengt i fire veker før start. Tilbodet er 221 dagar. Det skal betalast 10 % ekstra i høve til betaling for 10-månderstilbodet. Det blir kravd betaling for halve august og halve juni. Dei andre månadane skal det betalast full betaling, og det er lik betaling for alle månadane. Opphaldstida 221 dagar