Fakturareferanse

FAKTURA TIL GISKE KOMMUNE

Giske kommune avviser og returnerer fakturaer som ikkje tilfredsstiller kommuna sitt krav til merking, format, innhald og betalingsbetingelsar.
Manglar faktura rett merking blir den returnert til leverandør, noko som vil føre til forseinka betaling til leverandør.

 
Slik merkast og sendast fakturaer til Giske kommune

Leverandører må følgje desse kriteria ved merking og sending av faktura til kommuna:
 

Send faktura elektronisk i EHF-format

Alle fakturaer skal sendast elektronisk i EHF-format. Vår elektroniske adresse er:
GISKE KOMMUNE  Org.nr: 964 980 721 Elektronisk adresse: 0192:964980721

 
 Fakturareferanse

Faktura skal merkast med referansenummer. 

Her finn de oversikt over alle avdelingar med tilhøyrande referansenummer. (Klikk her for å åpne lista)

 
VÆR MERKSAM PÅ FØLGANDE:

  • Referansenummer skal plasserast i feltet “Deres ref”
  • På EHF-fakturaen visast dette feltet som "Invoice/Buyer Reference"
  • I xml-fila visast "AccountingCustomerParty/Party/Contact/ID
  • Merk at feltet IKKJE skal innehalde tekst, berre eit 6 sifra referansenummer

  

Fakturaadresse og leveringsadresse

Fakturaadresse til Giske kommune er:
Giske kommune
Valderhaug 4
6050 VALDERØYA

Namn på bestiller og leveringsadresse skal oppgis på faktura.

 
30 dagers betalingsfrist på fakturaer

Det skal vere 30 dagers betalingsfrist på fakturaer til Giske kommune.


Kreditnota/korrigering

Ved korrigering av faktura etter utsending skal det utstedast kreditnota og ei ny korrekt faktura. Den skal utstedast etter gjeldande krav og digital flyt som beskrive over. 
 

Purringar

Purringar skal sendast elektronisk i EHF-format. 
 

Bedrifter utan eige fakturasystem

Nokre små og mellomstore bedrifter har ikkje eige fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura.
Alternativa er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal eller via eigen nettbank. 

På anskaffelser.no finn du oversikt over fakturasystemer som kan levere Elektronisk handelsformat (EHF)
https://anskaffelser.no/verktoy/veiledere/fakturasystemer-som-kan-levere-elektronisk-handelsformat-ehf

  
Kontaktinformasjon

Spørsmål om faktura skal rettast til:  faktura@giske.kommune.no