Handsaming av bekymringsmeldinga
Barneverntenesta skal snarast og seinast innan ei veke gå gjennom meldinga og vurdere om den skal følgjast opp med undersøking eller bli lagt bort utan oppfølging. Meldar får ein stadfesting på at meldinga er motteke men pga. teieplikta har ikkje privat personar krav på informasjon utover dette. Offentleg meldar vil få tilbakemelding om status i saka etter gjennomgong av meldinga og evt. gjennomført undersøkingssak.
Vidare handsaming
Gjennom undersøking skal barneverntenesta kartlegge om familien har behov for hjelp og kva tiltak barnevernet kan tilby. Barnevernet har eit mål om at alle barn og unge skal bu heime så lenge det er mogleg.
Vi legg vekt på å finne årsakane til familien sine vanskar og løyse dei saman med foreldra og barnet.
Barnevernet kan tilby:
- Rettleiing om foreldrerolla og råd om oppseding
- Støttesamtalar med barn og foreldre
- Vise vidare til t.d. familiervernkontor eller barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP)
- Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som er i kontakt med barn, unge og deira familier
- Iverksetje og følgje opp hjelpe-/omsorgstiltak
- All hjelp frå barneverntenesta er gratis.
- Familieråd
Publisert 16.11.2017 10.49