I inkluderingsteamet ved Vigra skule arbeider vi for at alle skal kjenne at dei lærer, utviklar seg og høyrer til. Ingeborg Bjørnelv er leiar av teamet, andre medlemmar er Karianne Farstad, rektor og avdelingsleiarane Eirik Therkildsen (1.-4. klasse) og Ingrid Hessen, (5. -7.klasse), helsesjukepleiar, PPT, Psykisk helseteam og barnevern. Saman arbeider vi for at barnet skal få realisere potensialet sitt saman med klassekameratar og lærarar.
Vi samarbeider tett med Pedagogisk psykologisk teneste i Giske kommune der kontaktpersonenen vår er Synnøve Helset Krogen.
Når lærarar, eller foreldre, er urolige for om eit barn får utnytta sitt potensiale analyserer vi utfordringane og bestemmer tiltak for betre tilrettelegging. Vi kan drøfte tiltak med i teamet og bli einige om kva tiltak som blir sett inn. Dersom tiltaka vi set inn ikkje har ønska effekt, kan tilvising til både PPT andre instansar vere ei løysing.
I sakkunnig vurdering konkluderer PPT med om barnet har rett til individuell tilrettelagt opplæring eller ikkje. Lov om grunnskoleopplæringa, paragraf 11-6. https://lovdata.no/LTI/lov/2023-06-09-30/§11-6. Rektor fattar enkeltvedtak dersom det er tilrådd, eller avslag -om retten til individuell tilrettelagt opplæring (ITO) ikkje er oppfylt. Uansett har alle elevar rett til å arbeide med innhald og arbeidsmåtar som gjer at dei erfarer meistring og myndiggjering i læringsfellesskapet.
Alle vaksne har rett og plikt til å melde i frå dersom vi trur at eit barn vert krenka, utsett for overgrep –som vold eller seksuelle krenkingar. Vi som arbeider i skule og SFO har eit særleg ansvar her. Vi samarbeider tett med Barn, Familie og helse. Hugs at når vi melder vår uro er det FOR barnet –ikkje MOT foreldra.
Dersom eit barn har det så vanskeleg med tankar, kjensler og det å meistre kvardagen at det ikkje har det bra, får vi hjelp av Psykisk helseteam for barn og unge. Dei kan samarbeide om tiltak i både heim og skule.
Alle desse systema er til for at barnet skal ha det bra og for at barnet skal få realisert potensialet sitt for utvikling og læring.
Vi vaksne er ute i avdelingane i god tid før skuleklokka ringer. Vi har fleire vaksne ute i friminutta og vi har elevar i LeikePatruljen, som planlegg og set i gang aktivitetar og moro i friminutt.