Rådsorgan ved Vigra skule

Klasseråd

Klasserådet skal fremje interessene til klassen og saman med lærarane og foreldra arbeide for å skape eit godt klassemiljø. Leiaren av klasserådet er valt av klassen og har som oppgåve å leia møta i klassen og møte i elevrådet. Kontaktlæraren er med på møta i klasseråd.

 

Elevråd

I elevrådet si ein gut og ei jente frå kvar klasse frå 5. til og med 7. trinn. Dei represeterer alle elevane på skulen og alle kan melde saker til elevråd.

Elevrådet arbeider for at læringsmiljøet vårt skal vere trygt og godt.

Dei tek slik eit ekstra ansvar for at alle skal ha god trivsel på Vigra skule.

Elevrådet arbeider også med skule og klassereglar, og med aktivitet og utstyr til bruk i friminutta.

Elevar kan også ta opp meinigar dei har om korleis undervisning og læring bør vere.

Alle elevar kan ta opp saker dei er opptekne av i elevråd, dei melder saker til elevrådskontakten i si klasse og diskuterer det i klasseråd.

 

I opplæringsloven § 11-2 og § 11-6 finn vi reglane om elevråd.

 

FAU

Alle foreldre som har born i skulen, er medlemmar av skulen sitt foreldreråd. Kvart år velger foreldra representantar til ei arbeidsutval, FAU, som er foreldra sin stemme inn mot skulen og rektor. FAU skal informere foreldre og høyre alle foreldre om aktuelle saker; samarbeid med elevråd, ta initiativ til sosiale aktiviteter for elevar og føresette, vere med å bestemme rammer og reglar rundt korleis elevar skal ha det på skulen.

I Opplæringsloven § 11-4  finn vi reglane om FAU.

 

SU

Su er skulen sitt øvste rådgivande organ og her er alle partane i skulen representerte: foreldre, undervisningspersonale og andre tilsette. Rektor og ein politisk representant frå kommunen er også med. SU har uttalerett i alle saker som gjeld skulen.

Artikkelliste