Offentleg bading

Offentleg bading kvar tydag.

FAU ved Vigra skule arrangerer også i år offentleg bading i svømmebassenget.  Alle tysdagar til og med 02.april. 

NB!! Vinterferien stengt.

Klokka 17:00- 18:30 - familiebading

Klokka 18:30 - 20.00 - familiebading

Det blir rekna 1 time og 20 minutt med bading pr økt.

Hugs badehette og følg ordensreglane i garderobene.

Pris for inngang:

Born -                    kr 30,-

Vaksne -                kr. 50,-

Familie -                kr. 100,-

 

Vi på Vigra er opptekne av at det skal vere trygt og sikkert å besøke oss. Difor må alle følgje retningslinene som gjeld for anlegget.

Det er viktig at en tenkjer over at dette er et tilbod som blir drive av foreldra ved Vigra skule og at det er viktig at alle samarbeidar for at dette skal vere et godt tilbod til alle.

  • Bading skjer på eige ansvar.
  • Det er fotoforbod i heile anlegget.
  • Alle barn som kjem åleine må vere symjedyktige. Det betyr at de minst må kunne symje 200 meter. Dei som ikkje er symjedyktige må ha med seg ein badande og symjedyktig person over 18 år som passar på.
  • Ta omsyn til dei andre badande.
  • Det er ikkje lov å springe.
  • Det er ikkje lov til å skubbe andre, eller drage andre under vatn.
  • Det er ikkje lov med mat, drikke eller tyggegummi ute i bassenget.
  • Badande og gjester skal rette seg etter det badevakter og instruktørar seier. 
  • Brot på reglane, eller uakseptabel åtferd kan føre til bortvising.


 

HYGIENE
 

  • Før ein går i badet skal hår og kropp, utan badeklede, vaskast med såpe. 
  • Det er ikkje lov med undertøy under badekleda.
  • Personar med smittsame sjukdomar, opne sår, bandasjer/plaster får ikkje vere i bassenga.

 

ALDERSGRENSER

Vi ha ikkje delt gruppene etter alder. Det er fritt å komme når en vil.