Vigra barnehage er ein kommunal barnehage som er eigd og driven av Giske kommune.

Barnehagen ligg i eit roleg bustadområde på Vigra, med eit flott og spennande nærmiljø. Barnehagen har per i dag 3 avdelingar, ei småbarnsavdeling og to storbarnsavdelingar. Alle avdelingane har store gode rom, i tillegg har barnehagen fleire grupperom som alle avdelingane kan nytte seg av til mellom anna gruppedeling og leik. I barnehagen sitt nærmiljø har ein mange flotte turmoglegheiter, der ein kan utforske både fjell, skog og ulike strender. Det flotte turområdet er noko barnehagen nyttar seg ofte av.
Barnehagen har per i dag 12.7 årsverk, inkludert styrar.
Opningstidene til barnehagen
Måndag til fredag: 07.00 til 16.30.
Her finn du Vigra barnehage:
Adresse: Bakarvegen 8, 6040 Vigra
Vegbeskrivelse til Vigra barnehage
Vigra barnehage
Ansvarleg Sonja Skodje
Sist endra 20.03.2024 08.33