Samhandling barn og unge

Bilde av fem hender i ein sirkel med tekst sjå meg. - Klikk for stort bilete

Kommunen har utvikla modell ​for samhandling rundt barn og unge. Samhandlingsmodellen er utvikla for å få heilskapleg oversikt over korleis kommunen arbeider for å sikre at alle barn og unge har nokon som ser og forstår dei, og for at dei som har det vanskeleg skal få hjelp og støtte.

Modellen er utvikla som del av prosjektet Sjå Meg, også omtalt som Betre Tverrfagleg Samhandling (BTS).

Modellen er utvikla på tre organisasjonsnivå; kommunenivå, einingsnivå og individnivå. Informasjon om innhald i dei tre nivåa finn du ved å trykke på boksene lenger opp på sida. 

Meir info

Vår evne og kapasitet som kommune og som samfunn til å forstå om eit barn eller ein ungdom har det vanskeleg er svært viktig. Det same er vår evne og kapasitet til å arbeide ilag om å gi rett hjelp til rett tid. Eit unisont ønske om det beste for alle barn og unge kan bli utfordra av til dømes organisering, spesialiseringa i tenestene og tiltaka, ulikt lovverk, ulik kultur og leiing. Dette gjer at vi kan miste heilskapen. Førebygging, tidleg innsats og god koordinering kan gi store gevinstar både for enkeltmenneske og for samfunn. Kommunen har derfor utarbeida modell som skal hjelpe oss å sikre at vi ser og identifiserer når eit barn eller ein ungdom har det vanskeleg, og at vi er i stand til å gi best mogleg hjelp og støtte so tidleg som mogleg.

Modellen skal favne ALLE barn og unge, ikkje berre barn og familiar i risiko, og som det er knytt bekymring til. Målet med modellen er at den skal bidra til at tenestene skal bli endå betre på samarbeid og samhandling. Den er bygd opp slik at den vil synleggjere ansvar, rutinar, verktøy og planar for tre ulike organisasjonsnivå i kommunen. Modellen skal og synleggjere korleis ein arbeider for å evaluere, dokumentere og sikre medverknad.