Rådgiving

Som rådgjevar er eg er ansvarleg for utdannings- og yrkesrådgjevinga. Dette inneber at eg i samarbeid med lærarane legg opp til ei grundig orientering om desse emna.

I løpet av dei tre åra på ungdomsskulen skal elevane gjennomføre desse «programma»:

8. trinn

·       Jobbskygging

·       Næringslivsdagar

 

9. trinn

·       Innovasjonscamp

·       PRYO-arbeidsveke

·       Økonomi og karriereval

 

10. trinn

·       Karrieredag

·       Hospiteringsdagar

 

 

Eg vil arbeide særleg aktivt inn mot elevane i 10.klasse for å hjelpe dei i arbeidet med å orientere seg om vegen vidare i livet. Eg gir råd og rettleiing til elevar og foreldre i samband med overgang til vidaregåande skule.

 

Oppe til høgre i denne artikkelen finn du presentasjonen av vidaregåande opplæring som eg bruker under felles foreldremøte ved oppstart av 10.klasse.


For elevar og foreldre som ønskjer å orientere seg om vidaregåande skule, er det utarbeidd ei felles ressursside, tilpassa kvart enkelt fylke. Denne bør de gjere dykk kjende med. Her finn de god informasjon : http://www.vilbli.no/


Skulen har også tilgang til www.you-portalen.no . Her må elevane logge seg inn med passord. Dei må då bruke feide-passordet sitt. Dei får då tilgang til ei stor mengde informasjon om udanning og yrke, både tekst og film.

Ei anna god side om vidaregåande skule er www.utdanning.no. Særleg jobbkompasset kan vere eit godt hjelpemiddel.


Ver også merksam på lenkesamlinga som du finn under utdanningsval, når du går inn på "lenkjer for elevar" nedst på heimesida vår.

Kontaktinfo

Leif Arne Hausken
E-post