Om skulen

Valderøy ungdomsskule vart bygd i 1971 og har elevar hovudsakleg frå Vigra og Valderøya. Skulen vart påbygd og renovert i 2006, og har i dag lyse, moderne undervisningslokale.

 
I år har skulen 285 elevar fordelt på tre trinn, med tre til fire klasser på kvart trinn. I år starta 105 nye 8.klassingar ved skulen.
Kvart trinn har sitt "heimeområde" i skulebygget med  klasserom og grupperom. Kvar klasse har ein til to kontaktlærarar. Lærarane og fagarbeidarar/assistentar/miljøterapeut/spesialpedagog/rådgivar er delt inn i team - eitt team per klassetrinn. Teama har sine arbeidsrom og møterom i nær tilknyting til elevane sitt areal.

Utviklingsområde for skulen
I arbeidet med å utvikle skulen har vi sterkt fokus på elevane sitt læringsutbyte, og vi er opptekne av å utvikle gode læringsmiljø der elevane arbeider aktivt for å lære. Dette er uttrykt gjennom skulen sin visjon og plattforma den står på:
 
Visjon:
Kultur for kunnskap og kreativitet
 
Plattform:
Valderøy ungdomsskule er
Lærande – skapande – engasjerande – trygg
 
For kvart skuleår har skulen område der ein ønskjer å ha ekstra fokus. Dette er prioriteringar basert på eigne erfaringar og kommunale og sentrale føringar.
Det er svært viktig at foreldra bidreg til utvikling av skulen gjennom god oppfølging av elevane sine. Både forskning og erfaring syner at foreldra sitt engasjement er viktig for eleven sitt resultat. Gjennom å støtte opp om skulen sitt arbeid og stille klare forventningar til elevane om å anstrenge seg og gjere sitt beste, er foreldra med å skape det gode læringsmiljøet vi ønskjer  ved Valderøy ungdomsskule.

Vi ser fram til eit godt samarbeid til beste for elevane våre.