SFO-søknad, prisar 2019, oppseiing og endringar av SFO plass.

Alle barneskulane har skulefritidsordning for elevar frå 1. til 4. klasse og for barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse. Rektor er ansvarleg for skulefritidsordninga.

SFO er open frå klokka 07.15 til 16.45

Du søkjer om plass i SFO via Oppvekstportalen. Du treng ikkje logge på for å søkje plass, men du må logge på for å bekrefte at du tek mot plassen. Du må også logge på for å endre opphaldstid og timeplan eller seie opp plassen. Pålogging skjer via ID-porten (MinID, BankID, Commfides eller Buypass).

Hugs at du må søkje SFO på nytt for kvart år. Søknadsfristen er 1. mars. Det kan søkjast om supplerandeopptak gjennom heile året.

Du kan enkelt sjekke kva du har søkt på/opphaldstid ved å logge deg inn på Min side.

HUGS; det er berre den(føresette) som har søkt SFO plassen som kan gjere endringar/oppseiing!

Trykk på inne på Oppvekstportalen; (Krev innlogging)

Mi Side à  Plasseringane mine à

Her ser du dine plasseringar i SFO
Søkje om endra plasstype(Krev innlogging)
Eller om du vil seie opp plassen;
Oppseiing av plassen(Krevinnlogging)

 

For at skulen skal kunne tilpasse bemanninga, må du melde frå i god tid om du ønskjer å bruke SFO på dagar med skulefri. Det gjerast inne på www.direktesfo.no 

Oppseiingstida er to månadar rekna frå den 01. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved reduksjon av plass. Oppseiing og søknad om endra opphaldstid må gjerast ved å logge inn i Oppvekstportalen til Giske kommune. Det er den av foreldra som har søkt om plassen som har tilgang til link for oppseiing og endring av opphaldstid. Oppvekstportalen