Hausten 2020

Hausten er over oss og dagane er travle for store og små!  5.trinnet er godt i gang med nasjonale prøvar, det er like spennande kvart år! Vi er godt inne i ei god rytme sjølv om pandemien krev at vi gjer ting noko ulikt frå det vi er vant med. 

Vi har endra endra dei ordinære timeplanane våre for å tilpassa oss krava i beredskapsplanen. Dette påfører oss nokre upraktiske konsekvensar, men hugs at dette er for å trygge elevane og dei tilsette. Det skal vere trygt å sende elevane på skulen. 

Dessverre så er vi enno inne i ein pandemi, og skulen er i gul beredskap. Dette betyr blant anna at elevane får gå i klasser (ein kohort), men at det er strenge reguleringar på kontakt mellom trinn og kohortar. 

Ein av konsekvensane av pandemien er at vi må komprimere dagane for mellomtrinnet. Vi kan ikkje ha vanlege friminutt, noko som gjer at vi då slit med tilsyn og pauseavvikling. Alle elevane startar som vanleg dagane kl. 08.30. 1.-4.trinn har skuledag til 12.55 som før, medan 5.-7.trinn er ferdige kl. 13.05.  VI har sikra oss at eleven har dei timane ein skal ha i følgje opplæringslova, ved å komprimere undervisingstida.

Elevane kjem ikkje til å dele utområde med andre trinn. All aktivitet kjem til å føregå innanfor trinnet. Det kan hende at ein vil hente ut elevar frå alle klassene på same trinn, men ein vil då passe på at ein har rett avstand og at ein er nøye med hygiene.

Vi slit med å ha normal SFO pga reguleringane. Vi har rett og slett ikkje nok timar til å få dagen til å henge saman frå morgon til kveld. Pr.dags dato har vi ikkje på plass morgon-SFO før kl.08.00, så vi kjem til å starte opp med SFO frå kl 08.00 til 08.30 og  kl. 12.55 til kl. 16.00. Vi er på desperat jakt etter gode løysingar for å få det til å gå opp, og vi vil fortløpande vurdere om vi kan finne ei løysing på problemet vårt saman med kommuneleiinga. Dei som har samfunnskritiske yrker kan søke (dei som har levert inn attest før sommarferien treng ikkje å sende den inn på nytt, men eg treng oversikt over kven som kjem).

Smitten er på veg opp igjen etter ein flott sommar. Vi har tre beredskapsnivå, grøn (normal skulekvardag), gul (alle elevane på skulen med sterke reguleringar) og raud (kombinasjon av heimeskule/små kohortar, eventuelt stenging). Dette gjer at vi skaper problem for folk i kvardagen, men vi har ikkje noko anne val enn å ta pandemien på alvor. Det er i dag ikkje mogleg å seie noko om kor lenge vi må vere i koronaberedskap, i verste fall kan det vare heile året. 

Vi skal stå på og gjere vårt beste for at elevane skal ha det bra på vår skule.