Vassforsyning:
Giske kommune har i dag god tilgang på den viktigaste ressursen av alle i dagens samfunn, reint drikkevatn. Målet til kommunen er å ha ein sikker levering med tanke på både mengde og kvalitet til ein kvar tid uavhengig kvar ein bur i kommunen.
Giske kommune har to moglegheiter for vassforsyning som begge kan gje vatn til heile kommunen:
Giske vassverk: får råvatnet sitt frå Alnesvatnet.
Ålesund vassverk: får råvatnet sitt frå Brusdalsvatnet.
Alnes vassverk: får reinska vatn frå Giske vassverk
Vasskvaliteten blir overvaka gjennom vassprøver tatt på forskjellige stader i kommunen kvar veke. Prøvene blir analysert hos eit privat firma (Eurofins). Resultata blir sendt til Mattillsynet og lagt ut på Giske kommune sin nettside slik at alle får innsikt jamfør drikkevannsforskrifta.
Sjå vassprøvar (2020-2023) her.
Historiske vassprøver (2016-2019).
Spillvatn og overvatn:
Kommunen har ansvar for å frakte bort og behandle spillvatnet og overvatn på ein forsvarlig måte jamfør forureiningslova sine bestemmelser. Kommune bygger kontinuerlig ut leidningsnettet sitt for og gje alle bebuarane i kommune eit best mogleg tilbod.
Når det gjeld dette området er krava til leidningsnettet og behandling av spillvatn, overvatn og slam blitt kraftig innstramma i løpet av dei siste 10 åra. Som ein følgje av denne innstramminga og ein stor befolkningsvekst, må kommunen derfor stadig oppgradere leidningsnett og tidligare godkjente løysingar for utslepp osv. slik at dei held dagens standard.
Overgang til digital sanitærsøknad frå 01.01.2020
Giske kommune har gått over til digitale søknadar som gjeld sanitærsøknad.
Frå 01.01.2020 har Giske kommune gått bort frå papirsøknadar når det gjeld sanitærløyve. Det nye systemet er heildigitalt, og er levert av Powel. Måten det nye systemet funkar på, er at entreprenørar har tilgang til å levere søknadar med direkte skissering inn på leidningsnettet, enklare utfylling av utstyrsliste med meir. Dette skal føre til meir komplette søknadar og enklare moglegheiter for søkjaren å finne ut kva som er mogleg. Dette frigjer også ressursar i kommunen, og forenklar sakshandsaminga. Resultatet av dette skal vere mindre tid til spørsmål og korrigeringar, og raskare svar på søknadar.
For å søkje om løyve, må ein no ta kontakt med entreprenør som har blitt godkjent i systemet. Dei entreprenørar som ikkje er godkjende kan søkje om å bli dette på: Søknad om vatn- og avløpsarbeid.
Ein entreprenør må berre bli godkjent ein gong, og har då tilgang til å søkje å både Ålesund, Sula og Giske kommune med fleire.
Koordinatinnmåling
VA-kontoret krev at at alle nye private stikkleidningar og utstyr skal koordinatfestast. Kravtil innmåling, Sluttkontroll og dokumentasjon av VA-anlegg (Vedlegg B3)skal følgast. Innmålingane skal sendast til kommunen i SOSI-format, saman med som bygget tegning og ferdigmelding.
Ferdigattest/ mellombels bruksløyve i byggjesaka blir ikkje gitt før VA-ferdimeldinga er godkjent av VA-kontoret.
Vakttelefon for teknisk eining ved akutte hendingar:
900 18 425
Hendingar som vassledningsbrudd, tap av vatn, tilbakeslag av kloakk, overfløyming grunna tette avløp osv. reknast som akutte hendingar.
Skjema og vedlegg: