Vatn og avlaup

VA-kontoret utførar alle teneste knytt til drift av vatn og avlaupsrenseanlegg i tillegg til forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vatn- og avlaupsnettet.

Vassforsyning:

Giske kommune har i dag god tilgang på den viktigaste ressursen av alle i dagens samfunn, reint drikkevatn. Målet til kommunen er å ha ein sikker levering med tanke på både mengde og kvalitet til ein kvar tid uavhengig kvar ein bur i kommunen.

Giske kommune har to moglegheiter for vassforsyning som begge kan gje vatn til heile kommunen:

Giske vassverk: får råvatnet sitt frå Alnesvatnet.
Ålesund vassverk: får råvatnet sitt frå Brusdalsvatnet.
Alnes vassverk: får reinska vatn frå Giske vassverk

Vasskvaliteten blir overvaka gjennom vassprøver tatt på forskjellige stader i kommunen kvar veke. Prøvene blir analysert hos eit privat firma (Eurofins). Resultata blir sendt til mattillsynet og lagt ut på Giske kommune sin nettside slik at alle får innsikt jamfør drikkevannsforskrifta. Sjå vassprøver.

Spillvatn og overvatn:

Kommunen har ansvar for å frakte bort og behandle spillvatnet og overvatn på ein forsvarlig måte jamfør forureiningslova sine bestemmelser. Kommune bygger kontinuerlig ut leidningsnettet sitt for og gje alle bebuarane i kommune eit best mogleg tilbod.

Når det gjeld dette området er krava til leidningsnettet og behandling av spillvatn, overvatn og slam blitt kraftig innstramma i løpet av dei siste 10 åra. Som ein følgje av denne innstramminga og ein stor befolkningsvekst, må kommunen derfor stadig oppgradere leidningsnett og tidligare godkjente løysingar for utslepp osv. slik at dei held dagens standard.

Søknad om sanitærløyve

Ved søknad om tilkopling til offentleg leidningsnett kan søknad om utvendig sanitæranlegg nyttast.

I søknaden skal desse vedlegga ligge ved

1.   Situasjonsplan som tydeleg visar:

  • Innteikna leidningstrase frå tilknyttningspunktet på offentlegleidning heilt fram til vegglivet.
  • Eventuell eksisterande fellesleidning fram til offentleg VA-nett.
  • Eventuelle eksisterande leidninger som må leggast om.
  • Plassering av stakekum og stoppekran
  • Plassering av sandfangskum/fordrøyningskum.

         Krav til teiknforklaringar.

2.    Naudsynte tinglyste erklæringar, signert av rettmessig eigar, for:

  • Rett til å kople på privat stikkleidningar.
  • Felles drift og vedlikhaldsplikt for privateleidninger.
  • Rett til å legge leidningar over annan manns grunn.

3.   Ei vurdering og utrekning av overvasshandtering for det gjeldande området. Vedlegget skal innehalde berekninger av vassmengder, eventuelt magasinvolum, infiltrasjonskapasitet o.l skal dokumenterast. Lokal overvasshandtering (LOD) skal vurderast i kvart einskilde tilfelle. Krava i overvassnorma skal følgast.

Giske kommune minner om at:

Det skal skal foretas trykkprøving av utvendig stikkleidningar i henhold til NS-EN 805. Tettheitsprøving skal dokumenterast.

Det skal monterast tilbakeslagsventil i alle nye bygg i samsvar til gjeldane regelverk.

Koordinatinnmåling

VA-kontoret krev at at alle nye private stikkleidningar og utstyr skal koordinatfestast. Instruks for koordinatinnmåling av stikkleidningar og VA-anlegg skal følgast. Innmålingane skal sendast til kommunen i SOSI-format, saman med VA-ferdigmelding. Ferdigattest/mellombls bruksløyve i byggjesaka blir ikkje gitt før VA-ferdimeldinga er godkjent av VA-kontoret.

Vakttelefon for teknisk eining ved akutte hendingar:

900 18 425

Hendingar som vassledningsbrudd, tap av vatn, tilbakeslag av kloakk, overfløyming grunna tette avløp osv. reknast som akutte hendingar.

 

Skjema og vedlegg:

Giske kommune varslar oppstart av planarbeid og høyring av planprogram Hovudplan vatn og avløp 2019-2030, i medhald av plan- og bygningslova §§11-12 og 11-13.

Forslag til planprogram - Hovudplan for vatn og avløp_høyringsutkast (PDF, 5 MB)

Kontaktpersonar

Gunnar Opsahl
E-post
Telefon 70 18 80 17