Uteseksjonen

Uteseksjonen er Teknisk eining sin operative utestyrke. Dei som arbeider der gjer alt det praktiske arbeidet med drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp.

Vakttelefon 900 18 425

Dei viktigaste oppgåvene er:

 

Beredskap

Uteseksjonen har alltid ein på vakt døgnet rundt. Ved feil på tekniske anlegg får vakta automatisk beskjed frå driftssystemet. Ev. får vakta beskjed frå innbyggarane ved at dei ringjer vakttelefonen. Ved alvorlege feil, som f.eks. brot på større vassleidningar, blir arbeidet med reparasjon oppstarta med det same uansett tid på døgnet.

Vassbehandlingsanlegget på Alnes

Uteseksjonen har ansvaret for drift og vedlikehald av dette etter fastsette rutiner inklusive prøvetaking av vatn på ulike plassar rundt på leidningsnettet.

Røyrleidningsnett

Vi har både vassleidningar, avløpsleidningar (kloakk) og overvassleidningar. Uteseksjonen driv kontinuerleg med kontroll, reparasjonar, ombygging og utbygging av dette nettet. Alt større arbeide vert utsett på anbod/utført av ulike entreprenørar.

Kommunale vegar

Alle kommunale vegar inklusive skilt vert vedlikehalde av uteseksjonen. Til vedlikehaldet høyrer også brøyting og strøing. Dette arbeidet utføres for ein stor del av entreprenørar, etter anbod.

Mørke veglys?

Følg lenkja øvst på denne sida for å melde feil på veglys der Mørenett har driftsavtale. Kor det er feil på veglys som driftast av Statens Vegvesen, meldast dette til tlf. 175. Feil på lys i borettslag, idrettsanlegg med meir. meldast til respektive eigarar.

Miljøstasjonen

Frå 01.01.15 er miljøstasjonen på Gjøsund drive av ÅRIM (sjå heimeside her). Dei leiger plass og mannskap av uteseksjonen/Giske kommune.

Kyrkjegardar og grøntanlegg

Uteseksjonen har ansvar for alt vedlikehald og grasklipping på kyrkjegardane og dei andre grøntanlegga i kommunen samt fotballbaner. Dei har og ansvaret for graving og tilstelling ved gravferd.

Funksjon

Namn

E-post

Teamleiar Svein Erik Bakken seba@giske.kommune.no
Veg og beredskap Kurt Molnes kumo@giske.kommune.no
Vatn og beredskap Bjørn Blindheim bjbl@giske.kommune.no
Vatn og beredskap Eirik Vadseth eiva@giske.kommune.no
Avløp og beredskap Ivar Rønning ivar@giske.kommune.no
Avløp og beredskap Geir Magne Fylkesnes gmfy@giske.kommune
Park og kyrkjegardar Ottar Nyhagen otny@giske.kommune.no
Park og kyrkjegardar Sigmund Roald siro@giske.kommune.no
Miljøstasjonen Torgrim Flem tofl@giske.kommune.no
Deltid miljøstasjonen Andreas Molnes