Varsel om oppstart av reguleringsplan for Djupefluda

Iht. plan- og bygningslova § 12-1 og § 12-8 varslast det om at det er igangsett arbeid med reguleringsplan for utbetring av farleia ved Djupefluda i Giske kommune, sør for Høgsteinneset på Godøya. Sjå meir info i vedlagte dokument.

Frist for innspel til planarbeida er sett til: 29. oktober 2021

Kystverket er forslagsstillar og Multiconsult er plankonsulent. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å utdjupe grunner langs farleia slik at båtar kan ferdast med større sikkerheit. Planarbeida er ein del av fleire nødvendige detaljreguleringar langs farleia, frå Røyrasundet i sør til Ålesund i nord.

Reguleringsplanane er tenkt utført med heimel i pbl. § 3-7. Overføring av planførebuing til statleg eller regional myndigheit. Dette inneberer at Kystverket, i samråd med planmyndigheita, kan fremje forslag til arealplan og vedta å legge planane ut til offentleg ettersyn.

 

Oversiktskart    


Massane frå utbetringa er planlagt lagt i deponi. Kystverket ønskjer å planlegge for sjødeponi samtidig som at moglege deponi på land vurderast.

 

Planavgrensing for Djupefluda     


Det vert lagt opp til at planane kan behandlast våren/sommaren 2022, medan oppstart av arbeid med utdjuping er planlagt i 2024.

Meir informasjon kan ein finne på multiconsult.no, kystverket.no og kommunane sine heimesider. Her finn ein også link til informasjonsmøte.

Offentlege mynde, interessentar, og grunneigarar, innan 500 m frå planområdet i sjøen, blir varsla direkte. Tiltaka i planen fell ikkje inn i krav for konsekvensutgreiing.

 

Eventuelle kommentarar/ merknader til det igangsette planarbeidet sendast skriftleg til:
Multiconsult v/Sevrin Gjerde, e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no innan 29.10.2021.

Det vil haldast eit digitalt ope informasjonsmøte den 20. oktober kl 18-20.
QR-kode eller linken nedanfor kan nyttast for å delta.

Spørsmål knytt til reguleringsarbeidet kan stillast til:
Multiconsult v/Sevrin Gjerde på e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no eller på tlf. 906 38 390

QR-kode til informasjonsmøte den 20. oktober. 

Link til informasjonsmøte: https://tinyurl.com/OpeInformasjonsmote 

 

Varselbrev: Kunngjering av planoppstart for Djupefluda (PDF, 2 MB)

Sjå planinitiativ, referat frå oppstartsmøte og andre dokumenter i saka i kommunen sitt planregister: 

arealplaner | 2021002 > Planbehandlinger

(eller GISLINE WebPlan 4.1.11)

Viktige lenker

Ukraina