Utarbeiding av reguleringsplan

Kort fortalt

Planforslaget skal utarbeidast av fagkunnig, og i henhald til kommunal og distriktsdepartementet sine veiledere for reguleringsplaner (www.planlegging.no). Planforslaget skal innehalde planomtale, plankart, føresegner, ROS-analyse (i planer for utbygging) og relevante rapportar og illustrasjonar. Plandokumenta skal vere på nynorsk.

 

Slik går du fram

Planinitiativ og førebels planområde

Seinast samtidig som forspurnad om oppstartsmøte skal forslagstiller sende planinitiativ til kommunen. Kommunen skal også ha tilsendt avgrensing av førebels planområde (i sosi-format).

Les meir om planinitiativ i forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven.

Oppstartsmøte og oppstart av planarbeid

Oppstartsmøte
«Når forslagsstilleren er en annen enn planmyndigheten selv, skal planspørsmålet først legges fram for planmyndigheten i møte» (PBL §12-8). Før møtet skal kommunen ha mottatt planinitiativ og planavgrensing (sosi-fil). Kommunen skriver referat frå møtet og sender til forslagsstiller.

Vedtak om oppstart
I Giske kommune vedtar Teknisk utval oppstart av plansaker før det varslast oppstart av planarbeid. Her vurderer også kommunen om planen utløser krav om planprogram og KU.

Varsling og kunngjering av oppstart
Dersom kommunen tilrår oppstart av planarbeidet, skal berørte offentlige organer og andre interesserte varsles. Forslagsstilleren skal kunngjøre oppstart av planarbeidet i minst ei avis som er alminnelig lest på stedet. Annonsetekst sendast til Giske kommune (merka med saksnr), slik at kommunen kan legge det ut på kommunen si nettside. Registrerte grunneiere og festere i planområdet, og så vidt mogleg andre rettighetshavere i planområdet, samt naboer til planområdet, skal når dei blir direkte berørt, på hensiktsmessig måte underrettes om at planarbeidet tas opp.

Dersom det er krav om planprogram, sendast dette ut på høyring og offentleg ettersyn normalt samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Frist for å gi uttalelse skal vere minst seks uker.

Les meir i forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven og i plan- og bygningslova.

Utarbeiding av planforslag (krav til innsendt materiell)

Forslagsstiller utarbeider planforslag på bakgrunn av rammer og føringer fra kommunen, og innspill som har kome i varslingsperioda. Det er spesielle krav til innhald og kvalitet. Planforslaget skal sendast inn til kommunen som går gjennom det innsendte materialet og forbereder saka for politisk behandling før offentleg ettersyn.

Plandokumenta skal vere på nynorsk. Er nynorsk ei utfordring? Sjekk ut regjeringen sine ordlister:

 

Hugs å sjekke planforslaget før innsending:

  • At planen er i samsvar med kommuneplanen, eventuelle avvik skal vere skildra i planomtalen.
  • Evt. konsekvensutredning er utarbeidd i henhold til planprogram og forskrift.
  • Det er samsvar mellom dei ulike plandokumentene, evt. avvik er retta opp.

 

Planforslaget skal bestå av:

Plankart

Det skal utarbeidast eit plankart som leverast både i pdf og i sosi-format. Datagrunnlaget skal ikkje vere meir enn 6 måneder gamalt. Basiskart kan kjøpast på Giske kommune sitt e-torg. Plankartet blir juridisk bindande etter endeleg vedtak.

 
Sjå kartverket sine karttekniske krav til reguleringsplanar her.

Sjekk spesielt dette før innsending av planforslag:

  • Sosi-fila er i SOSI- versjon 4.5
  • Ulike vertikalnivå leverast på kvar si sosi-fil.
  • Maskinell SOSI- kontroll utført. Kopi av kontroller vedleggast.
  • Visuell manuell SOSI-kontroll utført.
    • Ingen element utanfor plangrensa
    • Ingen overlapp eller gap i flater
    • Frisiktlinjer som ikkje høyrer til frisiktsoner takast ut (med mindre dei har ei klar hensikt)
    • Rett planID
  • Vegar og infrastruktur som går inn eller ut samsvarer med naboplan og grunnlagskart.
  • Alle linjer og linjepunkt i plankartet som har til hensikt å ha same geografiske posisjon, skal ha identiske koordinatar (snappes til kvarandre).
  • Alle linjer som har til hensikt å ligge langs eiendomsgrense, skal ha eksakt same linjepunkt som eiendomsgrensa.
  • Langs planavgrensing, der det ikkje er eiendomsgrense eller uregulert område, skal linjepunkt alltid samsvare med planavgrensing i naboplan der anna ikkje er avtalt.
Føresegner

I reguleringsplan kan det i naudsynt utstrekning gis føresegner til arealformål og omsynsoner. I plan- og bygningslova §12-7 går det fram kva forhold det kan settast føresegner til. 

Det er utarbeida ein nasjonal mal ein gjerne kan nytte. Hugs at føresegner skal vere presise og ikkje opne for ulike tolkningar.

Kommunen skal ha tilsendt føresegnene både i pdf-format og i word-format (redigerbart).

 

Hugs å sjekke før innlevering av planforslag:

  • at relevante føresegner i kommuneplanen er vidareført eller konkretisert.
  • at relevante føresegner i områdeplanen er vidareført eller konkretisert.
  • at rekkefølgekrava sikrar opparbeiding av alle offentlege område.
  • at rekkefølgekrava sikrar opparbeiding av alle felles område.
  • at opplysning om kva delområde fellesområda gjeld for, er eintydig.
Planomtale

Alle planforslag skal ha ein planomtale som fortel om formål, hovudinnhald og verknader av planen. Der skal også kome fram planen sitt forhold til rammer og retningslinjer som gjeld for området (pbl §4.2). I planomtalen bør valgte løysingar grunngjevast. På regjeringen sine nettsider kan ein finne sjekkliste for det som skal vere med i ein planomtale.

For reguleringsplanar som kan få vesentlige verknader for miljø og samfunn, skal det også gjerast ei konsekvensutgreiing (KU). I forskrift om konsekvensutgreiinger kan du lese meir om dette.

ROS-analyse

Samfunnssikkerhet og risiko- og sårbarhetsanalyse

Det skal utarbeidast ein risiko- og sårbarheitsanalyse for planområdet (pbl §4-3). Denne skal vise alle risiko- og sårbarhetsforhold som har betydning for om arealet er egna til utbyggingsformål, og eventuelle endringer i slike forhold som følge av planlagt utbygging. Område med fare, risiko eller sårbarhet merkast av i planen som omsynssone, jf. §§ 11-8 og 12-6. 

Sjå sjekklista frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Tema som er aktuelle for planområdet skal utdjupast og vurderast grundig. I ROS-analysen skal det kome fram sannsynligheten for at ein hendelse kan inntreffe, og konsekvensane av dette. 

 

Marin leire
Dersom planområdet ligg i aktsemdsområde for områdeskred er det krav om ei geoteknisk kvikkleirevurdering. Dersom planområdet ligg i aktsemdsområde for marin leire skal det i føresegner vere krav om RIG (rådgivande ingeniør geoteknikk) i byggesak. Sjå meir om kvikkleire og aktsemdsområder i Giske kommune via lenka her

Merknadsvurdering

Forslagstiller skal, enten i eige dokument eller i planomtalen, vurdere innspel, og vise korleis dei eventuelt er innarbeidd i planen. Merknadsvurderingane kan nyttast i vidare arbeid med planen, samt til saksframlegg ved politisk handsaming.

Andre dokumenter

Ved utarbeiding av forslag til reguleringsplanar skal det som hovudregel krevjast ein VA-rammeplan (overordna plan for vatn og avløp) for området. Sjå kommunen si VA-norm her: » Giske (va-norm.no). Ta kontakt med VA-kontoret for rettleiing om dette.

Andre relevante vedlegg til plandokumenta kan vere til dømes støyrapport, geoteknisk vurdering, arkeologisk registrering, teknisk forprosjekt, illustrasjonsplan, 3D-teikninger, terrengprofiler mm.

 

Planforslaget skal tilfredsstille krava til reguleringsplan i plan- og bygningsloven § 12 og bestemmelsane i forskrift om kart, stedfestet informasjon, arealformål og kommunalt planregister (kart- og planforskriften) §§ 9 og 10. 

Kva koster sakshandsaminga/saksbehandlinga?

 

Nyttige lenker:

Regjeringen sine veiledere (planlegging.no) 

Plan- og bygningsloven

Kart- og planforskriften

Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven

Viktige lenker

Ukraina