Frådeling

Ved frådeling blir det oppretta ein ny eigedom med eige bruksnummer.

Oppretting av ny eigedom er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Du må varsle naboar og gjenbuarar om opprettinga, og du må søkje til kommunen. Dersom arealoverføringa ikkje er i strid med verken plan- og bygningslova, forskrift eller arealplan i kommunen, vil kommunen godkjenne søknaden din. 

Nabovarsling:

Før du søkjer må du varsle naboar og gjenbuarar om frådelinga. Varsel kan du sende på ulike måtar. Du finn skjema for bruk i varslinga, og informasjon om kolreis du brukar dette her.

Liste over naboar / gjenbuarar kan du hente ut frå: www.infoland.no, e-torg eller frå www.norgeskart.no. Du kan også sende ein førespurnad til post@giske.kommune.no, men må då rekne med noko tid til behandling. 

I varselet må du gi informasjon om kva du skal søkje om, leggje ved situasjonskart som viser kva du skal dele frå. Dersom du skal søkje om dispensasjon, må du også gi informasjon om dette i varselet. 

Korleis søkjar du:

For å søkje om frådeling bruker du søknadskjema:

I tillegg må du leggje ved:

  • dokumentasjon på at du har gjennomført nabovarsling, og eventuelle kommentarar som du har motteke frå naboar

  • situasjonskart

  • eventuelt søknad om dispensasjon

I situasjonskartet må du teikne inn grensene til den nye eigedommen. Vis også plassering av tilkomst og tilkopling for vatn/avlaup. Kartet skal følgje nabovarselet, og søknaden til kommunen.

Du kan lage situasjonskart i kommunen si kartløysing her

Kommunen kan berre godkjenne frådeling som er i samsvar med plan- og bygningslova, kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplan for eigedommen. Dersom du ynskjer å dele frå eigedom i strid med føresegn gitt i lov eller plan, må du søkje om dispensasjon frå føresegna. For meir informasjon om dispensasjon sjå her. 

Søknaden sender du til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Du kan også sende søknaden på e-post: post@giske.kommune.no men må då ettersende søknadsskjema og i original. 
 

Kva kostar det:

Gebyr etter kommunen sine gebyrsatsar finn du her

 
 
Sida er under opparbeiding.

Kontaktpersonar

Oddbjørg Kvangarsnes
E-post