Arealoverføring

Kva er arealoverføring:

Arealoverøfirng vil seie at grensene mellom to eigedommar blir flytta slik at areal blir flytta frå ein eigedom til den andre. 

Arealoverføring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Du må varsle naboar og gjenbuarar om arealoverføringa, og du må søkje til kommunen. Dersom arealoverføringa ikkje er i strid med verken plan- og bygningslova, forskrift eller arealplan i kommunen, vil kommunen godkjenne søknaden din.

 

Korleis søkjar du:

Før du kan søkje må du varsle naboar og gjenbuarar om frådelinga. Du finn skjema og rettleiing for dette her:

For å søkje om arealoverføring bruker du desse blankettane:

For å kunne fylle ut erklæring om arealoverføring må du vite kor stort arealet du skal føre over er. Dersom du er usikker på det endelege arealet, kan du vente med å sende inn erklæring om arealoverføring til arealet er oppmålt. Arealoverføringa vil ikkje bli registrert i kartet, eller tinglyst, før kommunen har motteke erklæring om arealoverføring. 
 

I tillegg må du lage eit situasjonskart der du teiknar inn dei nye grensene. Kartet skal følgje nabovarselet, og søknaden til kommunen. Du kan lage situasjonskart i kommunen si kartløysing her

Søknaden sender du til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Du kan også sende søknaden på e-post: post@giske.kommune.no men må då ettersende søknadsskjema og erklæring om arealoverføring i original. 
 

Kva kostar det:

Gebyr etter kommunen sine gebyrsatsar finn du her.

 
 
Sida er under opparbeiding.

Kontaktpersonar

Oddbjørg Kvangarsnes
E-post