Oppmåling

Oppmålingsforretning når delingsløyvet er gitt:

Når din søknad er godkjent frådelt etter plan- og bygningslova – går saka automatisk til oppmåling. Alle areal som skal frådelast eller arealoverførast, skal som hovudregel oppmålast og avmerkast med offentleg godkjende grensemerker. Du vil  få skriftleg innkalling til oppmålingsforretning til nærmare fastsett  tidspunkt.

Rekvisisjon klarlegging av eksisterande grense,  påvisning av eksisterande grense, eller justere eksisterande grense – ikkje søknadspliktige tiltak:

Dersom  du ikkje skal dele frå, men ønskjer å klarleggje eksisterande grense,  påvisning av eksisterande grense, eller justere eksisterande grense – kan dette rekvirerast. Slike oppmålingsforretningar er ikkje søknadspliktige. For rekvisisjon av slike oppmålingsforretningar skal du nytte skjemaet Søknad om deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning: Søknadskjema for deling og oppmålingsforretning.   

Samanføying av tilgrensande eigedomar:

Dersom du eig to eller fleire eigedomar som grensar til kvarandre, og som alle har det same føremålet, kan samanføyast til eitt gardsnummer (gnr.)/bruksnummer(bnr.). Du kan sjølv bestemme kva for eit av bruksnummera som skal bestå.

Samanføying av eigedomar er kostnadfri. Skjemaet Krav om samanføying av tinglyste matrikkeleiningar fyllast ut og returnerast til kommunen: Samanføying.

Ver obs på at hefter (pengehefte og andre rettar (servituttar) kan vere til hinder for samanføying.

Retting av grenser som tidlegare ikkje er målte:

Enkelte eigedomar er ikkje oppmålte og koordinatfesta. Desse eigedomane har ein så langt råd er forsøkt rekonstruert i kartet ut frå mål i skylddelingar, jordskiftesaker og eldre utskiftingar. Då desse grensene ikkje er fastlagde i oppmålingsforretningar er desse grensene slik dei går fram av matrikkelkartet,  følgjeleg heller ikkje nøyaktige grenser og  kan avvike vesentleg frå det faktiske grenseforløp.

Dersom du ønskjer å rette grensene i kartet, utan å rekvirere oppmålingsforretning, kan slik retting godkjennast ved innsending av protokoll for retting: Dersom du ønskjer å gjennomføre slik retting: Så ta kontakt med oppmålingskonroret for vidare veiledning