Korleis bruke kartet

Slik brukar du kommunekartet på nett:

I øvste venstre hjørnet er tre menyar:

  • Symbolet heilt til venstre (tre strekar) gjev mulegheit til å velje kart eller flyfoto som bakgrunn. Her finn du og funksjonar for måling, teikning og å skrive på kartet, utskrift m.v.
  • I menyen med namnet "Giske" kan du velje kva kommune du ønskjer kart over, og kva kartlag som du vil sjå (reguleringsplan, kommuneplan, grenser m.v)
  • I det tome menyfeltet skriv du inn ei adresse, men du kan og finne ei adresse med å peike direkte i kartet.

Ved å peike i kartet vil du opp ein meny på høgre side av skjermen:

  • Klikk på augesymbolet viser innhaldet i det kartlaget som du har valt
  • Bruk "pil ned" for å opne undermenyar

Du finn ein detaljert brukarrettleiing på www.kommunekart.com/hjelp.

 

Merk:

På grunn av ein feil i kartløysinga vil eigedommar utan vegadresse visast med feil gnr/bnr i menyen. Riktig gnr/bnr vil gå fram av sjølve kartmenyen: Kartlagsinfo / Eigedomskart / Eigedom. 

 

Datagrunnlaget vert oppdatert dagleg.

Kartet inneheld også ein del FKB-data. Dette er vektordata for adresse, bygg, eigedomskart, dybdekurver, høgdekurver og veg.

Kontaktpersonar

Dagny Kristin Rødland
E-post