Førehandskonferanse

Ein førehandskonferanse er eit møte mellom deg og kommunen som blir avholdt før du sender søknaden din til kommunen. I møtet kan du kan leggje fram planane dine, og kommunen kan orientere om planar, føresegn eller andre forhold som er relevante for ditt tiltak. 

Førehandskonferanse kan du be om uansett kva du skal byggje, stort eller lite. Du kan også be om førehandskonferanse for tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dersom du ynskjer førehandskonferanse kan du sende ein e-post til post@giske.kommune.no. I e-posten må du opplyse om:

  • kva du skal byggje
  • kvar du skal byggje (gardsnummer og bruksnummer, eventuelt adresse)
  • om det er særskilte ting du ynskjer å få informasjon om i møtet
  • kven som skal delta på møtet. (Når det gjeld eit tiltak der det er krav om at ansvarleg søkjar bør ansvarleg søkjar delta)

I tillegg er det ein fordel om du legg ved skisser av tiltaket, situasjonskart, illustrasjonar m.m. Dess meir informasjon du gir i forkant, dess bedre informasjon kan kommunen gi deg i konferansen. 

Førehandskonferanse er regulert i plan- og bygningslova § 21-1 og forskrift om byggesak § 6-1. Kommunen skal skrive referat frå møtet og referatet skal gjerast tilgjengeleg for deg i etterkant. 

Kva kostar det?
Giske kommune tar ikkje betalt for gjennomføring av førehandskonferanse.

Kor lang tid tar det?
Forhåndskonferanse skal bli avholdt innan 2 veker frå du ber om det.