Byggje sjølv?

Må eg søkje?

For raskt svar på om dine byggjeplanar er søknadspliktige kan du bruke direktoratet for byggkvalitet sin vegvisar, her: Vegvisaren - Bygg uten å søke.

 

Kor stor kan eg byggje?

Uansett om du må søkje eller ikkje, må du passe på at du ikkje byggjer meir enn du har lov til. For å vere sikker på at du ikkje byggjer for stort kan du bruke denne vegvisaren, her: Vegvisaren - Kor stort kan du byggje? 

Før du kan bruke vegvisaren må du vite kva reglar som gjeld for din eigedom. Det er kommunen sine arealplanar som seier kor stort du kan byggje. Dette kan vere kommuneplanen sin arealdel, eller ein reguleringsplan som gjeld for ditt område.

Bruk kommunen sin kartløysing for å finne ut om eigedommen din er omfatta av ein reguleringsplan: 

Dersom reguleringsplanen ikkje seier noko om utnytting, eller tillatt utnytting er definert på ein annan måte enn med % bebygd areal, er det kommuneplanen sine føresegn som kjem til bruk. I kommuneplanen punkt 3.1.1. ii) står det at:

Tomteutnytting

Bygd areal per bustadtomt skal ikkje vere meir enn:

  • Inntil 30 % BYA for frittliggande einebustad, eventuelt med sekundærleilegheit inntil 40 m².
  • Inntil 35 % BYA for inntil 2 mannsbustad eller frittliggande einebustad med sekundærleilegheit over 40 m².
  • Inntil 40 % BYA for konsentrert småhusbusetnad.

 

Meir informasjon om kva du kan byggje om sjølv, kva du må søkje om, og korleis du går fram for å søkje finn du her:

 

Framleis usikker?

For ytterligare rettleiing kan du sende ein e-post til post@giske.kommune.no med informasjon om kva du har planar om, så skal vi svare deg så raskt vi kan.