Kvikkeleire og aktsemdsområde

Rapportsida til NVE for Giske kommune

NVEs veileder 7-2014 Sikkerhet mot kvikkleireskred

TEK 17

Kart over kvikkleiresonene og aktsemdsområda

NVE sin rettleiar for små inngrep i kvikkleiresoner

 

NVE gjennomførte, i 2019, ei regional kvikkleirekartlegging i kommunane Ålesund, Sykkylven, Sula og Giske. I samband med kvikkleirekartlegginga blei det gjennomført synfaringar innanfor kartleggingsområda, og det blei valt ut 12 interesseområder i Giske kommune. I to av desse interesseområda er det treft på antatt kvikkleire/sprøbruddsmateriale. Det eine området er på Godøylandet og det andre er i Geilevika. I tillegg til kvikkleirekartlegginga blei det utarbeida aktsemdskart for områdeskred og aktsemdskart for marin leire innanfor kartleggingsområda. For nærare informasjon kan ein sjå i rapportane frå NVE. Link til rapportane ligg øvst i artikkelen.

 

 

Innhaldsfortegnelse

Kvikkleiresonene

Aktsemdsområde områdeskred

Aktsemdsområde marin leire

Plan og byggesak

 

Kvikkleiresonene

Beskriving av sonene på Godøya står på side 30 – 37 i rapporten til NVE, og informasjon i vedlegg B, D og E. Begge desse sonene er klassifisert med faregrad «middels», skadekonsekvens «alvorlig» og risikoklasse 3. Det er ikkje observert aktiv erosjon i nokon av sonene. Det er først når eit område har risikoklasse 4 eller 5, eller har faregrad «høg» og det er aktiv erosjon, som vil ha betyding for kvikkleireskred i sonene, at det vil vere behov for førebyggande tiltak. Så det er ikkje vurdert behov for tiltak for eksisterande situasjon innanfor desse sonene. Det vil seie at det ikkje er utrygt å bu innan for desse sonene, så lenge det ikkje blir utført større tiltak som kan påverke stabiliteten. For eventuelle byggetiltak i desse områda må ein følgje tilrådingane på side 38 i rapporten. Det står også i NVE sin rettleiar Sikkerhet mot kvikkleireskred, kva krav som gjeld for ulike tiltak med referanse til byggteknisk forskrift (TEK17).

 

Aktsemdsområde områdeskred

Aktsemdsområde for områdeskred omfattar områder innanfor aktsemdsområde marin leire der helling er > 1:20 og høgdeforskjellen er > 5 meter. Dette er i samsvar med terrengkriterier for aktsemdsområder i NVE veileder nr. 7/2014. Aktsemdskart-områdeskred er avgrensa gjennom vurderingar av feltobservasjonar og utførte grunnundersøkelsar. Aktsemdsområdet ligg generelt ikkje høgare i terrenget enn observert berg i dagen. Det ligg ikkje høgare i terrenget enn tidlegare og nye sonderingar som ikkje har indikasjonar på sprøbruddmateriale. Områder med hyppige berg i dagen med djupn til berg < 5 m, som ikkje har indikasjonar på sprøbruddmateriale, er ikkje tatt med i aktsemdsområdet. Områder der terreng formasjon tyder på tilsvarande avsetning og sondering i topp og botn av skråningar er heller ikkje tatt med i aktsemdsområdet.

 

Aktsemdsområde marin leire

Aktsemdsområde for marin leire vil generelt vere alle områder som ligg under marin grense og alle områder som kan ha marine avsetningar under topplaget angitt av NGUs lausmassekart. Dette inkluderer i praksis alle lausmassetypar bortsett frå morene, då sannsyn for at det skal ligge marine avsetningar under moreneavsetningar er veldig liten.

Aktsemdsområde for marin leire er vurdert å vere avgrensa til å omfatte områder med middels til svært stor sannsyn for marine avsetjingar.

Lausmassekartet kan i fleire områder vere upresist. Derfor er små områder med morene/bart berg osv. i nokon tilfelle medtatt i aktsemdsområda. Det kan også hende at det kan treffast på kvikkleire/sprøbruddmateriale utanfor aktsemdsområda, men sannsyn for dette er liten.

Interesseområda er områder der lausmassekarta viser marine avsetjingar, har terrenghelling > 1:15 og høgdeforskjell > 10 meter. Det er i desse områda det har blitt gjennomført ei oversikts undersøking om det førelegg grunnlag for å opprette faresoner. Registreringar frå synfaringar, utførte grunnundersøkingar og interesseområda er ikkje nytta til å avgrense aktsemdsområda. Dette betyr at ein i kvart enkelt tilfelle, der ein er nær nok utførte grunnundersøkingar eller bergobservasjonar, må vurdere om det er betydeleg sannsyn for marin leire som kan medføre utfordringar i forbindelse med byggesak, eller om dette kan sjåast vekk frå ved ei enkel vurdering av geoteknisk sakkyndig.

 

 

Plan og byggesak

Det vil bli kravd dokumentasjon av geotekniske undersøkingar på alle plan- og byggesaker, som rører innanfor dei potensielt skredfarlege kvikkleiresonene, og det vil bli kravd dokumentasjon av geotekniske vurderingar på alle plan- og byggesaker, som rører innanfor aktsemdsområde-områdeskred. For aktsemdsområde-marin leire vil det bli kravd dokumentasjon av geotekniske vurderingar for byggesaker. Lenke til kart ligg øvst i artikkelen.

 

Utsnitt frå rapporten til NVE:

«For tiltak innenfor aktsomhetsområdene må det vurderes om det er reell fare for områdeskred og om det evt. er behov for sikringstiltak for å oppfylle gjeldende sikkerhetskrav, ref. NVEs veileder 7-2014 (Kvikkleireveilederen) og TEK 17. Slike vurderinger må utføres av fagkyndige i forbindelse med reguleringsplan, detaljregulering eller senest i byggeplan om dette ikke er gjort på tidligere plannivå. Forekomster av kvikkleire må derfor alltid kartlegges for å kunne vurdere skredfaren ved inngrep i områder med marin leire innenfor aktsomhetskartene for områdeskred. I Giske kommune vurderes det generelt ikke behov for utredning av områdeskredfare utenfor aktsomhetsområdene for områdeskred i forbindelse med planarbeid, dispensasjonssøknader etc. innenfor kartleggingsområdene.»

 

Kvikkleiresonene

I forbindelse med reguleringsplan, detaljregulering eller byggeplan innanfor kvikkleiresonene på «Godøylandet» og «Geilevika» er det krav om geoteknisk grunnundersøkelse for alle søknadspliktige byggetiltak.

 

Aktsemdsområde-områdeskred

I forbindelse med reguleringsplan, detaljregulering eller byggeplan innanfor aktsemdsområde-områdeskred, må ein vurdere om det er ei reell fare for områdeskred. Ei slik vurdering må bli gjort i samband med ei geoteknisk utgreiing.

 

Aktsemdsområde-marin leire

For areala i aktsemdskart marin leire som ligg utanfor aktsemdsområde for områdeskred, er det vurdert at fare for områdeskred ikkje er reell. Her må ein likevel undersøke stabiliteten i byggegrunnen. Så i forbindelse med byggesak innanfor aktsemdsområde-marin leire vert det kravd ansvarsrett for geoteknikk. Det er ikkje trong for geoteknisk utgreiing i reguleringsarbeid, men i føresegna bør det vere eit generelt krav om ansvarsrett RIG med omsyn til kvikkleire for vidare prosjektering og oppfølging.

 

Byggetiltak innanfor tiltakskategori K0 eller K1 i rettleiar «Sikkerhet mot kvikkleireskred» 7/2014

For byggetiltak innanfor tiltakskategori K0 og k1, i rettleiar for Sikkerhet mot kvikkeleireskred 7/2014, må kvart enkelt tiltak vurderast av saksbehandlar om det er behov for vurdering av fagkyndig i geoteknikk. Ein må følgje NVE sin rettleiar for små inngrep i kvikkleiresoner, når ein gjer desse vurderingane.

 

Prøvegravingar

Ved alle prøvegravingar, skal grave-/boreplan på førehand foreleggast kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune for kontroll mot arkeologi.

 

Ta kontakt med saksbehandlar for plan eller byggesak om ein har spørsmål.