BYGGE VÅTROM

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge bygging av våtrom.

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er søknadspliktig eller ikkje,  her under om du kan: 

  1. søke sjølv eller, 

  1. leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg 

 

Søknadspliktig eller ikkje?

Vi har utarbeidd to dokument som det er lurt at du lagrar på din private data, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.  

Det eine dokumentet illustrerer krava i tabellen under. Det andre dokumentet kan du notere i, undervegs i planlegginga.  
 

Generelle illustrasjonar

HJELPEDOKUMENT_BYGGE_VÅTROM (DOCX, 28 kB)


For å sleppe å søke kommunen om byggeløyve ved bygging av nytt våtrom må krav som er lista opp i tabellen under vere innfridd. Blir ikkje krava innfridd er våtromet søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg.   
I tabellen under ser du om våtromet er søknadspliktig eller ikkje, og om du kan søke sjølv.  

Våtrom 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

 

Våtrom i eksisterande bygg 

Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ein brukseining eller branncelle 

Tiltaket er søknadspliktig og fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Våtrom i nytt tilbygg 

Tilbygget er under 50 m² og tilbygget ikkje skal nyttast som ein sjølvstendig brukseining. 

Tiltaket er søknadspliktig og fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan bygge på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under. 
Regulert føremål

Det første du må sjå på er om grunnen det skal byggast på er regulert til formålet.

Formålet til eigedommen din finn du i reguleringsplanen. Til dømes er grunn regulert til bustader markert med gul farge i kartet.  Kva den enkelte farge betyr finn du i teiknforklaring på kartet.

​​​​​​​Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan. Gul farge viser at grunnen er avsett til bustad. Grønn farge viser friområde 

Regulering til bustader
Dersom grunnen er regulert til bustader er kravet om regulert føremål ivaretatt.

Ikkje regulert til bustader
Dersom grunnen ikkje er regulert til bustader kan det likevel for mindre byggearbeid som (feks teknisk infrastruktur, tilbygg til eksisterande bustad, garasje og bod), byggast utan krav om dispensasjon frå plankrav, dersom tiltaket IKKJE er søknadspliktig.

Er tiltaket søknadspliktig må du søke om dispensasjon.

NB! Omregulering frå LNF-formål til bustadføremål er svært vanskeleg å få gjennomslag for. Dispensasjonssøknaden må skrivast av ein profesjonell aktør og søknaden må også behandlast av jordlovsmynda.

Dispensasjon
Dersom du ønsker å bygge i strid med føremålet, må du søke kommunen om dispensasjon.

Skriv ned at du kjem i konflikt med føremålet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.

Andre krav?

Set deg grundig inn i reglane for eigedomen din. Det kan vere andre reglar som gjeld spesielt for din eigedom.     

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med dei reglar som gjeld i plan og bygningslova, byggteknisk forskrift (TEK17) samt byggesaksforskrifta (SAK10) .     

Er det tinglyst rettar, til dømes vegrett på eigedommen din?   
Dette finn du på www.seeiendom.no   

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

      Må søke kommunen om byggeløyve      

Kan bygge utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.