RIVE TERRASSE, ALTAN, BALKONG ELLER VERANDA

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge riving av terrasse/platting, altan/takterrasse, balkong eller veranda/vinterhage.

Terrasse, eller platting, er ein konstruksjon med opphaldsareal over bakkenivå, ofte med ei dør inn i bygningen (stove e.l.) og trapp til terreng. 

Altan/takterrasse er ein ikkje-overbygd opphaldsplass på tak, med rekkverk. 

Balkong er ein utstikkande/utkraga og open opphaldsplass, med dør inn i bygningen. Med rekkverk og utan understøttelse. 

Veranda/vinterhage er ein open eller overbygd opphaldsplass, kan vere understøtta og eventuelt vere lukka med glasveggar. 

Søknadspliktig eller ikkje?

I tabellen under ser du om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje. Er det søknadspliktig må du gå vidare til neste tabell. 

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve. 

Terrasse/platting på bakkenivå 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

Høgde over bakken 

Riving av terrasse/platting på bakkenivå er ikkje søknadspliktig. «På bakkenivå» betyr at terrassegolvet ikkje på nokon stad ligg høgare enn 1,0 m over terreng   

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd, og da må du gå vidare med neste tabell for å sjå om du kan søke sjølv eller om du må ha ein fagperson til å søke for deg. 

I tabellen under ser du om du kan søke sjølv eller om du må ha ein fagperson til å søke for deg 

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve. 

Kolonne 3: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn byggesøknad på eiga hand. 

Terrasse/platting 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom: 

Bebygd areal (BYA) 

Areal er mindre enn 15 m² 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Areal er mindre enn 50 m²  

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Understøtta og festa til bakken 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Avstand til nabogrense 

4 m, men avstand kan vere 3 m når utkraging er meir enn 1 m ut frå fasadeliv 

Avstand til bygg på naboeigedom 

8 m, men avstand kan vere 7 m når utkraging er meir enn 1 m ut frå fasadeliv 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

8 m, men avstand kan vere 7 m når utkraging er meir enn 1 m ut frå fasadeliv 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Altan/takterrasse

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg

Balkong 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg

Veranda/vinterhage

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve. I tabellen under ser du om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje, og om du kan søke sjølv eller om du må ha ein fagperson til å søke for deg 

Kolonne 3: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn byggesøknad på eiga hand. 

Veranda/vinterhage 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom: 

Bebygd areal (BYA) 

Er mindre enn 15 m² 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Er mindre enn 50 m²  

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Bruksareal (BRA) 

Understøtta eller festa til bakken 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Innebygd veranda/vinterhage, med glasveggar eller lukka veggar 

Nei, veranda/vinterhage er open og utan veggar 

Ja, men glas/veggar er uisolerte 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Avstand til naboeigedom 

4 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

4 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Avstand til bygning på naboeigedom 

8 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

8 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.

Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål

Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan  

Omsynssoner

Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.

  Døme på omsynssoner i kommuneplanen 

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.

Aktuelle omsynssoner ved riving er:       

Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.

SEFRAK / bevaringsverdig

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.

Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi  gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

  Må søke kommunen om løyve til riving  

Kan rive utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.