BYGGE STØTTEMUR

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge bygging av støttemur. 

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er:  

  1. søknadspliktig eller ikkje,  her under om du kan:
     - søke sjølv eller, 
     - leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg 

  2. i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom. 

 

Søknadspliktig eller ikkje?

Vi har utarbeidd to dokument som det er lurt at du lagrar på din private data, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.  

Det eine dokumentet illustrerer krava i tabellen under. Det andre dokumentet kan du notere i, undervegs i planlegginga.  
 

Generelle illustrasjonar

HJELPEDOKUMENT_BYGGE_STØTTEMUR (DOCX, 28 kB)


I tabellen under har vi lista opp krav for støttemur der du ser om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje. Er tiltaket søknadspliktig må ein fagperson må søke for deg. 

Støttemur 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

 

 

 

Mur med maks. høgde 0,5 m kan plasserast i eigedomsgrensa. 

Muren må ikkje hindre sikt i frisiktsone mot veg. 

Tiltaket er søknadspliktig, og ein fagperson må søke for deg, dersom krava ikkje blir innfridd 

 

 

 

Mur med maks. høgde 1,0 m og avstand til eigedomsgrense minst 1,0 m. 

Muren må ikkje hindre sikt i frisiktsone mot veg. 

Tiltaket er søknadspliktig, og ein fagperson må søke for deg, dersom krava ikkje blir innfridd 

 

 

 

Høgde på mur er inntil 1,5 m og avstand til eigedomsgrense er minst 4,0 m.  

Muren må ikkje hindre sikt i frisiktsone mot veg. 

Tiltaket er søknadspliktig, og ein fagperson må søke for deg, dersom krava ikkje blir innfridd 

 

 

  

Andre krav kan også sette grenser for om du kan bygge på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under. 
Regulert føremål

Det første du må sjå på er om grunnen det skal byggast på er regulert til formålet.

Formålet til eigedommen din finn du i reguleringsplanen. Til dømes er grunn regulert til bustader markert med gul farge i kartet.  Kva den enkelte farge betyr finn du i teiknforklaring på kartet.

​​​​​​​Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan. Gul farge viser at grunnen er avsett til bustad. Grønn farge viser friområde 

Regulering til bustader
Dersom grunnen er regulert til bustader er kravet om regulert føremål ivaretatt.

Ikkje regulert til bustader
Dersom grunnen ikkje er regulert til bustader kan det likevel for mindre byggearbeid som (feks teknisk infrastruktur, tilbygg til eksisterande bustad, garasje og bod), byggast utan krav om dispensasjon frå plankrav, dersom tiltaket IKKJE er søknadspliktig.

Er tiltaket søknadspliktig må du søke om dispensasjon.

NB! Omregulering frå LNF-formål til bustadføremål er svært vanskeleg å få gjennomslag for. Dispensasjonssøknaden må skrivast av ein profesjonell aktør og søknaden må også behandlast av jordlovsmynda.

Dispensasjon
Dersom du ønsker å bygge i strid med føremålet, må du søke kommunen om dispensasjon.

Skriv ned at du kjem i konflikt med føremålet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.

Byggegrense

I reguleringsplanen ser du om eigedomen du skal bygge på har byggegrense. 

 

Der byggegrense er teikna inn:Illustrasjonen viser byggegrense.   
Er det byggegrense på eigedomen er det eit krav om at heile tiltaket blir plassert innanfor den oppgitte byggegrensa. Det er ikkje tilstrekkeleg at delar av tiltaket er innanfor byggegrensa.

Byggegrense er IKKJE teikna inn:
Dersom eigedomen ikkje har byggegrense, noter det, gå vidare og sjekk dei neste krava.


Dispensasjon
Dersom du ønsker å bygge i strid med byggegrense må du søke kommunen om dispensasjon.

Skriv ned at du kjem i konflikt med byggegrensa. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare. 

Avstand frå sjø og vassdrag

Det er eit krav om at tiltak ikkje kan plasserast nærare sjø og vassdrag enn 100 meter jf. plan – og bygningslova § 1-8.

Sjekk i reguleringsplanen for din Illustrasjonen viser byggegrense mot sjø og vassdrag (svart stipla linje), og kystkonturlinja (blå stipla linje) eigedom, eller i kommuneplanen, om det er byggegrense mot sjø eller vassdrag på eigedomen. 

Byggegrense er teikna inn: 
Er det byggegrense på eigedomen, og heile tiltaket blir plassert innanfor byggegrensa, er kravet om avstand frå sjø og vassdrag teke i vare.  

Byggegrense er IKKJE teikna inn:
Dersom eigedomen ikkje har byggegrense er det kravet om 100 meter avstand frå sjø og vassdrag som gjeld. Mål frå tiltaket sitt næraste punkt mot sjøen og ut til kystkonturlinja. Den blå stipla linja langs sjøkanten i illustrasjonen under er kystkonturlinja.

 

Dispensasjon
Dersom du ønsker å bygge i strid med avstandskravet må du søke kommunen om dispensasjon.

Skriv ned at du kjem i konflikt med avstandskravet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis du søker dispensasjon vil du få seinare. 

Veg

Det er fleire krav kring veg som må bli overhalde når ein skal sette i gang med eit tiltak. 
 

Avstand frå offentleg veg

Det er ulike krav om avstand frå offentleg veg. Sjekk først i reguleringsplanen om det er byggegrense på eigedomen. 

Illustrasjonen viser byggegrense mot veg (svart stipla line).  

Byggegrense er teikna inn:
Er det byggegrense på eigedomen, og hele tiltaket blir plassert innanfor byggegrensa, er kravet om avstand frå offentleg veg ivareteke. 


Byggegrense er IKKJE teikna inn:
Er det ikkje byggegrense på eigedomen gjeld krav om avstand til offentleg veg som er vist i tabellen under.

Avstanden skal målast frå tiltaket sitt ytterpunkt og til vegens midtlinje.

Veg

Avstand

Gang- og sykkelveg

Min. 15 meter

Kommunal veg

Min. 15 meter

Fylkesveg

Min. 50 meter

Riksveg

Min. 50 meter

 

Tilkomst

Det er krav om at eksisterande vegtilkomst til eigedomen blir nytta. Vegtilkomsten må elles vere i samsvar med det som står i reguleringsplanen.


Utkøyring i veg

Det er krav om at all manøvrering inn- og ut av garasje og parkeringsplass skal skje slik at ein unngår rygging eller vending på offentleg veg.

Plasserer du garasje/parkeringsplass innanfor byggegrense på eigedomen der dette finnast, er krav til utkøyring i veg normalt sett ivareteke.


Frisiktsoner

Det er krav om fri sikt til veg, gang- og sykkelveg. Desse krava er med på å trygge sikkerheita til syklistar, gåande eller andre som ferdast i trafikken. Sjå i reguleringsplanen om det er teikna inn siktlinjer. Desse definerer  frisiktsoner for utkøyrselen på eigedommen. Det er ikkje lov å plassere tiltaket i frisiktsona for avkøyrselen.

 

Illustrasjonen viser siktlinjer.  

Dersom det ikkje er gitt siktlinjer i reguleringsplanen er det normene til Statens vegvesen som skal følgast. Sjå utdrag under:

 

STATENS VEGVESEN - Frisiktsone mot gang- og sykkelveg
Dersom inn- og utkøyrselen kryssar ein gang- og sykkelveg, vil kravet til frisiktsone vere som vist i illustrasjonen under. Står du 3 meter inn i utkøyrselen, skal du ha fri sikt 30 meter begge vegar langs gang- og sykkelvegen. Det er ikkje tillate med hekk eller gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Sjå alternativ 1 i illustrasjonen under.

Alternativt kan hekk og gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan plasserast som vist i alternativ 2 i illustrasjonen under.Illustrasjon: Statens vegvesen

NB! Frisiktsona bør utvidast dersom gang- og sykkelvegen hellar, og syklistane held høg fart forbi inn- og utkøyrselen.

  

STATENS VEGVESEN - Frisiktsone mot veg
Dersom inn- og utkøyrselen munnar ut i ein veg, vil kravet til frisiktsone vere som vist i illustrasjonen under. Står du 4 meter inn i utkøyrselen, skal du ha fri sikt 20 meter begge vegar langs vegen viss fartsgrensa er 30 km/t. Frisiktsona vil auke med økt fartsgrense, sjå illustrasjonen under. Det er ikkje tillate med hekk eller gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Alternativt kan hekk og gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan plasserast som vist i illustrasjonen under.

Illustrasjon: Statens vegvesen

 

Dispensasjon
Det blir ikkje gitt dispensasjon frå krav om siktlinje.

 

Dersom eigedomen din er regulert eller har byggegrense mot veg i reguleringsplan eller kommuneplan er det kommunen som behandlar søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Kommunen sender saka på høyring til Statens vegvesen og Fylkeskommune dersom det er riksveg eller fylkesveg.

 

Dersom eigedomen din ikkje er regulert og/eller ikkje har byggegrense mot veg er det den som er vegeigar som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg.

  • Grensar eigedomen din til kommunal veg er det kommunen som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Søknad og vedlegg kan sendast på e-post til post@giske.kommune.no
  • Grensar eigedomen din til riksveg er det Statens Vegvesen som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Søknad og vedlegg kan sendast her: Søknad om dispensasjon frå avstand til veg
  • Grensar eigedomen din til fylkesveg er det Fylkeskommunen som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Søknad og vedlegg kan sendast her: Søknad om dispensasjon frå avstand til veg
Avstand frå kommunale vatn- og avløpsleidningar

Det er krav om at avstanden frå tiltaket sin ytre del til kommunale vatn – og avløpsleidningar ikkje skal vere under 4 meter.

Kravet om avstand er for å sikre enkel tilkomst til kommunale vatn – og avløpsleidningar i dei tilfelle vedlikehald eller reparasjonar er naudsynt.

 

NB! Det kan ligge både kommunale- og private vatn- og avløpsleidningar i grunnen som ikkje er markert på kartet. Det er viktig å vere på vakt når du grev.
 

Uttale frå kommunen
Dersom du ønsker å bygge i strid med avstandskravet må du:  

1.

Kontakte fagperson (ansvarleg prosjekterande) for å få prosjektert ei løysing med teikningar og argumentasjon som tydeleg viser at enkel tilkomst til dei kommunale vatn – og avløpsleidningane vert oppretthaldt. Løysinga må også vise at det ikkje vil føre til unødvendige skader, sjølv om kravet på 4 m ikkje blir innfridd.   

2.

Fagperson (ansvarleg prosjekterande) sender dokumentasjonen til postmottak i kommunen. Dette må gjerast før det eventuelt blir sendt inn ein formell byggesøknad.

 

Opplys om namn, kontaktinformasjon, gards- og bruksnummer, og at det gjeld uttale om kommunale vatn- og avløpsleidningar.

3.

 Saksbehandlar ved kontor for vatn – og avløp i kommunen handsamar saka. Gjennomsnittleg handsamingstid er 2 veker.

4.

Dersom kommunen ikkje godkjenner løysinga må du endre byggeplanane dine slik at avstandskravet vert innfridd.

 

Dersom kommunen godkjenner løysinga må dokumentasjonen du får frå kontor for vatn – og avløp leggast ved når byggesøknaden formelt vert sendt til kommunen.

Omsynssone

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen du skal bygge på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i kommuneplanen.

Ta kontakt med kommunen for å få rådføring om den vidare prosessen dersom eigedommen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å opplyse om gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

Illustrasjonen viser døme på omsynssoner i kommuneplanen.    

Andre krav?

Set deg grundig inn i reglane for eigedomen din. Det kan vere andre reglar som gjeld spesielt for din eigedom.     

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med dei reglar som gjeld i plan og bygningslova, byggteknisk forskrift (TEK17) samt byggesaksforskrifta (SAK10) .     

Er det tinglyst rettar, til dømes vegrett på eigedommen din?   
Dette finn du på www.seeiendom.no   

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:

Må søke kommunen om dispensasjon og byggeløyve

        Ønsker å søke kommunen om dispensasjon            

              Må søke kommunen om byggeløyve                  

          Kan bygge utan å søke kommune om løyve        

Trykk på ein av boksane over vidare rettleiing.