RIVE SKILT

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge riving/fjerning av skilt og reklameinnretning. 

Søknadspliktig eller ikkje?

I tabellen under ser du om riving/fjerning er søknadspliktig eller ikkje, og om du kan søke sjølv.  

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve.  

Kolonne 3: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn byggesøknad på eiga hand.  

Skilt 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom: 

Antall skilt på same fasade 

Riving/fjerning av ett enkelt skilt på same fasade 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Riving/fjerning av kun ett enkelt skilt på same stad eller fasade 

Tiltaket er søknadspliktig og fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Størrelse 

Skiltet er mindre enn 3,0 m² og er montert flatt på vegg. 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Skiltet er mindre enn 6,5 m² montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittståande på terreng. 

Tiltaket er søknadspliktig og fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Personsikkerheit 

Ikkje til fare for personsikkerheit 

Ikkje til fare for personsikkerheit eller til hinder i kommunikasjonsareal 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.

Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål

Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan  

Omsynssoner

Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.

  Døme på omsynssoner i kommuneplanen 

 

 

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.

 

Aktuelle omsynssoner ved riving er:       

 

Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.

SEFRAK / bevaringsverdig

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.

Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi  gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

  Må søke kommunen om løyve til riving  

Kan rive utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.