RIVE NAUST

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge riving av naust.  

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om:  

  1. om du kan: 
    - søke sjølv eller, 
    - må leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg 

  2. om byggeprosjektet er i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom. 

 

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom:  

Vi har utarbeidd eit dokument som det er lurt at du lagrar på din private data, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.  

Det dokumentet kan du notere i, undervegs i planlegginga.  
 

Generelle illustrasjonar

HJELPEDOKUMENT_RIVE_NAUST (DOCX, 28 kB)

Søknadspliktig eller ikkje?

Naust

Rive naust er alltid søknadspliktig.  

 

I tabellen under ser du om du kan søke sjølv eller ikkje.  

Kolonne 2: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn byggesøknad på eiga hand.  

Naust 

Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom: 

 

Grunnflate BYA (bygd areal)  

70 m² eller mindre 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Bruksareal BRA  

70 m² eller mindre 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Etasje 

Maks 1 etasje 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Plassering - avstand til andre bygg på naboeigedom  

2 m om bygningane er under 50 m2,  8 m om bygningane er over 50 m2 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Plassering - avstand til nabogrenser 

1 m om bygget er under 50 m2,  4 m om bygget er over 50 m2 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Bruk 

Ikkje varig opphald, bueining eller til overnatting 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Bebyggelse 

Eigedomen må vere bebygd med minimum eit bygg tilsvarande ein bustad  

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.

Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål

Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan  

Omsynssoner

Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.

  Døme på omsynssoner i kommuneplanen 

 

 

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.

 

Aktuelle omsynssoner ved riving er:       

 

Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.

SEFRAK / bevaringsverdig

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.

Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi  gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

  Må søke kommunen om løyve til riving  

Kan rive utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.