RIVE BOD

Her vil du få ei rettleiing til korleis du bør planlegge riving av bod. 

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om riveprosjektet er:  

  1. Søknadspliktig eller ikkje, her under om du kan :  
     - Søke sjølv, eller 
     - leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg.  

  1. i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom 

Søknadspliktig eller ikkje?

Vi har utarbeidd to dokument som det er lurt at du lagrar på di private datamaskin, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.  

Det eine dokumentet illustrerer krava i tabellen under. Det andre dokumentet kan du notere i undervegs i planlegginga.  

Generelle illustrasjonar

HJELPEDOKUMENT_RIVE_BOD (DOCX, 30 kB)

 

I tabellen under ser du om riving av bod er søknadspliktig eller ikkje, og om du kan søke sjølv.  

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om riveløyve.   

Kolonne 3: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn søknad om riveløyve på eiga hand.  

Fagperson må søke for deg dersom eit eller fleire krav ikkje blir innfridd 

Garasje 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom: 

Grunnflate BYA (bygd areal)  

50 m² eller mindre 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

70 m² eller mindre 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd  

Bruksareal BRA 

50 m² eller mindre 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

70 m² eller mindre  

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Mønehøgde 

4 m eller mindre 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Gesimshøgde 

3 m eller mindre 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Kjellar (tel ikkje som eigen etasje)  

Ingen kjellar 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Kjeller har himling mindre enn 1, 5 m over planert terreng 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Etasje 

Maks 1 etasje 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Maks 1 etasje 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Plassering 

Er frittståande 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Er frittståande 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Plassering - avstand til andre bygg 

1 m eller meir 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

8 m om bygget er over 50 m2 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Plassering - avstand til nabogrensar 

1 m eller meir 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

4 m om bygget er over 50 m2 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Bruk 

Ikkje bueining eller til overnatting  

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Ikkje bueining eller til overnatting 

Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

Bevaringsverdig  

Ikkje bevaringsverdig 

Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd 

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturmynde jf. SAK10 § § 19-3, 6-2. 

Kontakt kulturkontoret i kommunen dersom bygget er eldre enn 1900. Post@giske.kommune.no 

 

 

 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.

Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål

Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan  

Omsynssoner

Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.

  Døme på omsynssoner i kommuneplanen 

 

 

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.

 

Aktuelle omsynssoner ved riving er:       

 

Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.

SEFRAK / bevaringsverdig

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.

Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi  gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

  Må søke kommunen om løyve til riving  

Kan rive utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.