For å søke krevst det kompetanse for å planlegge og søke om løyve for å bygge-, endre-, eller rive noko på ein eigedom. Du må kunne lese og forstå kommunale plan- og lovverk, forstå byggteknisk språk, og kunne utarbeide ein søknad som oppfyller alle krav. Har du ikkje denne kompetansen anbefaler kommunen å leige nokon som kan gjere jobben for deg (ein ansvarleg søkar).
Det første som bør gjerast i ein planleggingsfase er å innhente «underlagsmaterialet» som trengst i arbeidet med å søke.
I tabellen under har vi lista opp det du treng.
Underlagsmateriale
|
Kva er det?
|
Arealdelen til kommuneplanen |
Generelle reglar for ein eigedom |
Reguleringsplan |
Detaljreglar for ein eigedom |
Kart over vatn- og avløpsleidningar |
Oversikt over kommunens vatn- og avløpsleidningar på ein eigedom |
Godkjent situasjonskart |
Blir brukt til å teikne situasjonsplan. Dette leggast ved alle søknader til kommunen. |
Naboliste |
Oversikt over naboar som skal varslast før ein byggesøknad blir sendt til kommunen. |
Underlagsmateriale finn du på: |
https://giske.e-torg.no/ |
Kva skal du bygge, endre eller rive?
Under har vi lista opp dei mest aktuelle byggeprosjekta. Ønsker du til dømes å rive garasjen på eigedommen din, trykker du på «Rive» i boksen som er merka «Garasje», og du vil få meir informasjon om kva du må gjere før du kan rive garasjen.
Garasje og Carport
Bygge Endre Rive
Eldstad og Pipe
Bygge Endre Rive
Terrasse, Altan, Balkong og Veranda
Bygge Endre Rive
Gjerde, Levegg og Støyskjerm
Bygge Endre Rive
Hytte og Anneks
Bygge Endre Rive
Publisert22.10.2019 10.38