Bygg- og eigedomsavdeling

Bygg og eigedomsavdeling vart etablert i 2014. Administrasjon er lagt til Næringsbygg på Sætra, Valderøya. Formålet er å forvalte, drifte, vedlikehalde og utvikle kommunale bygg og eigedomsmasse.

Avdelinga skal vere ein servicepartnar ovanfor andre kommunale avdelingar i spørsmål og tiltak vedkommande Bygg og eigedomsavdeling. Kommunen sine bygg og eigedom skal ha ein standard og utsjånad som fremjar trivsel, miljø og helse for brukarar, og i høve til sine omgjevnadar.

Bygningsmassen er ca 60 000m² fordelt på skular, barnehage, institusjonar, omsorgsbustadar, bukollektiv, utleigebustadar, næringsbygg og administrasjonsbygg med vidare. Bygg og eigedomar i kommunen har ein antatt verdi på  1 milliard
Bygg og eigedomsavdeling er blant anna tillagt følgjande oppgåve:

  • Bustadkontor
  • Bustadsosialt arbeide
  • Utleigebygg
  • Hjelpemiddel og transportteneste
  • Eigedomsforvaltning
  • Drift og vedlikehald kommunale bygg
  • Utvikle bygg og eigedomar
  • Drift og vedlikehald av eigedom/ uteareal
  • Forsikring, skattar, avgifte kommunale bygg
  • Teneste og varekjøp
  • Reinhald kommunale bygg
  • Prosjektleiing kommunale bygg
  • Byggeleiing
  • Byggherrerepresentant
  • Kjøp og sal av kommunale bygg og eigedomar

Tilsette i Bygg og eigedomsavdeling er pr 1.1.2015

Kontaktpersonar

Robert Valderhaug
E-post
Telefon 70 18 81 60