Vaksenopplæringa

Kommunen har ansvaret for opplæring i norsk og samfunnsfag for innvandrarar og for grunnskuleopplæring for vaksne. Ta kontakt med Giske kommune dersom du har behov for slik opplæring.

Eksamensretta grunnskuleopplæring

Dei som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring. Sjå opplæringslova § 4A-1. Opplæringa er gratis. Søknad om grunnskuleopplæring skal sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. 

Undervisninga skjer ved Hareid ressurssenter. Deltakarane har rett til gratis skuleskyss.

Spesialundervisning for vaksne

Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, og vaksne som har særlege behov for å utvikle eller halde ved like grunnleggande dugleik, har rett til spesialundervisning, jamfør opplæringslova § 4A-2

Norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar

Flyktningar og andre innvandrarar kan ha rett til ulike typer opplæring. Nokre har plikt til å gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap. For nokre er denne opplæring gratis medan andre må betale sjølve. Arbeidsinnvandrarar frå EØS-/EFTA-samarbeidet har korkje rett eller plikt til slik opplæring.

Kven som har rett og plikt til kva, er mellom anna avhengig av opphaldsløyve og alder. Du kan finne ut meir om dette på nettsidene til IMDI (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet).

Giske kommune tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Opplæringa er lagt til tidlegare Valderøy barneskule.

Kontaktpersonar

Lene Bjørlo Overå
E-post
Telefon 70 18 80 13
Mobil 416 16 109