Foreldrebetaling i skulefritidsordningane

Giske kommunestyre gjer vedtak om betalingssatsar for tilbod i SFO. Satsane blir årleg justerte i kommunestyret.

Betalingssatsane i SFO for 2023:

Prisoversikt SFO Giske kommune 2023
Opphaldstid Sats 2023 Sats søsken Sats gratis kjernetid
5 dagar heil plass 3 720 2 790 1 860
4 dagar heil plass 3 180 2 385 1 320
3 dagar heil plass 2 380 1 785 520
Berre ettermiddag (5 dagar) 3 070 2 303 1 210
Berre morgon (5 dagar) 1 025 769 1 025
Kjøp av dagar 330 248 330
Kjøp av feriedag 605 454 605
Kjøp av timar 80 60 80

Redusert foreldrebetaling i SFO:
Etter søknad kan det gjerast vedtak om redusert foreldrebetaling i SFO for elevar i 1.-4. klasse. Det må søkjast på nytt for kvart skuleår. Skatteoppgjer for føregåande år blir lagt til grunn for utmålinga av betalingssatsar. Kommunen har tilgang til å innhente inntektsopplysningane frå Skatteetaten. Det skal då ikkje leggjast ved skatteoppgjer. Dersom inntekta er vesentleg endra, må det leggast med dokumentasjon på noverande inntekt. Det skal betalast maksimalt 6 % av brutto løns- og kapitalinntekt i husstanden. 

Betaling for 11 månader per skuleår. 

Søskenmoderasjon er på 25 % for barn nummer to eller fleire. 

Elevar i 5.–7. klasse som har fått tildelt plass i SFO har rett på gratis SFO. 

Elevar i 1. og 2. klasse med plass i SFO har rett på 12 timar gratis SFO.

Søknadsskjema redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO.