Logoped

Kva tilbyr vi?

Logopedar gjev hjelp til barn og unge som har vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme. Born med diagnosar vil som regel kvalifisere til hjelp via refusjonsordning i trygdesystemet. Foreldre skal då ta kontakt med fastelege for rekvisisjon. Dei som ikkje fell inn under denne ordninga (born med forsinka utvikling og som ikkje har noko diagnose), kan etter melding til logoped og vedtak frå kommunen, få dekt utgiftene til logoped med kommunen. Giske kommune har ikkje tilsett logoped sjølv, men leiger inn tenester frå privat logoped som har kontor på Moa.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge i førskule- og grunnskulealder som har behov for logopedhjelp på grunn av ulike språk- og talevanskar og som ikkje kvalifiserer til logopedhjelp via Helfo.

Korleis få tilbodet?

Melding om behov for kommunal logopedhjelp kan kome frå føresette, barnehage eller skule.

Meldeskjema til logoped skal fyllast ut og sendast til Giske kommune, PP-tenesta.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Tilmeldingsskjema

 

Kart