framtidsskulen.no!

framtidsskulen.no er Giske kommune si overskrift for oppvekst sin digitaliseringsprosess med rekonstruert fokus inn mot den kunnskapen og kompetansen elevane vil trenge for livsmeistring her og no og for framtida.

Framtidsskulen.no! er både ein visjon, ei merkevare og ein plan. Det handlar om omstilling og innovasjon. Bygt på eit Growth mindset –inneber det eit rekonstruert syn på kunnskap, makt og roller i skulen.

Det inneber å etablere tydelege mål og forventningar, der fokuset er læring og engasjement, der læringa skjer i ein sosial samanheng –og gjerne gjennom samarbeid. Framtidsskulen.no! inneber at vi er lydhøre for eleven sin motivasjon og eleven sine kjensler. Vi tek omsyn til individuelle ulikskapar og utfordrar den einskilde utan å overbelaste. I Framtidsskulen.no! tek vurderinga utgangspunkt i kjende læringsmål med stor vekt på framovermelding. Vi vil fremje samanheng og samarbeid både på tvers av fag og aktivitetar  -i og utanfor skulen.

Eleven er anerkjent som kjernedeltakar og vert oppmuntra til aktivt engasjement, slik at dei får utvikle forståing for si eiga rolle i læringsarbeidet .

Fagfolka våre skal vere innstilte på å forstå eleven sin motivasjon og nøkkelrollen kjenslene har i måloppnåing.

I framtidsskolen.no! skal eleven få byggje livsmeistring –her, no og for framtida.