Realfagskommune Giske

Tett på realfag er regjeringa sin strategi for auka kompetanse i realfag, og den er gjeldande frå 2015-2019. Giske kommune er med i satsinga frå starten, hausten 2015.
Strategien skal mobilisere, bevisstgjere og forplikte dei som er tettast på barn og unge, og som har dei beste moglegheitene til å bidra til at barn og unge lærer og utforskar realfag med motivasjon og glede. Målgruppene er difor lærarar, leiarar, andre tilsette og eigarar i barnehagar og skular.

Realfagsstrategien har fire overordna mål:
1. Barn og unge sin kompetanse i realfag skal bli betre.

2. Andelen barn og unge på lavt nivå i realfag skal bli redusert.

3. Fleire barn og unge skal prestere på høgt og avansert nivå.

4. Barnehagelærar og lærar sin kompetanse i realfag skal aukast.

Slik arbeider Giske i satsinga:
Nettverkssamlingar for barnehage- og skuletilsette, styrar, rektor og kommuneadministrasjon.

Høgskulen i Volda ved Arve Fiskerstrand er fagleg ansvarleg for nettverka i samarbeid med kommunen, med to nettverkssamlingar i halvåret.

Formål med nettverka er erfaringsdeling og utprøving av ny praksis.

Følg Realfagskommunen Giske på Facebook.