Opptak og fristar

Søknads­frist for hovud­opptaket er 1. mars. Kommunen har opp­taks­møte i mars/april. Det er også høve til å søkje om plass etter fristen. Desse søkjarane får tildelt plass dersom det er ledig kapasitet, eller dei blir sett på venteliste.

Samordna opptak

I Giske kommune har vi samordna opptak via oppvekstportalen. Det er felles søknads­skjema for alle barne­hagane. Søknadsskjema finn du her: https://giskeg2.ist-asp.com. 

Prioritet ved hovudopptak

Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak for, har lovfesta prioritet ved opptak. Deretter blir opptakskriteria som er fastsett i vedtektene til den enkelte barnehage lagt til grunn, sjå barnehagen sine heimesider.

Søknad utanom hovudopptak

Det er mogeleg å søke barnehageplass året gjennom, med unntak av mars månad, då er søkarportalen stengt grunna hovudopptak. Om barnehagen de søker har kapasitet, blir barn tildelt plass gjennom året.

Ventelister

Søkjarar som ikkje får tildelt prioritert plass ved hovudopptaket blir sett på venteliste. Ventelista er ikkje nummerert. Det betyr at søkjarane ikkje får eit nummerert plass på ventelista, men om ein plass blir ledig i løpet av året blir alle søkjarane vurderte, jf. gjeldande opptakskriterium til den enkelte barnehage. Alle søkjarar som ikkje har fått førsteprioriteten sin oppfylt, kan bli ståande inntil søkjaren sjølv gjer endringar i oppvekstportalen.

Klagerett

I hovudopptaket har dei som får avslag eller ikkje får oppfylt første eller andre prioriteten sin klagerett. I supplerande opptak har søkjarar med lovfesta rett til prioritet etter forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage § 3 a klagerett dersom dei ikkje får plass i prioritert barnehage.