Frå 01.08.2013 har Giske kommune etter søknad ytt kommunal kontantstønad for born som ikkje nyttar plass i norsk barnehage som er godkjend etter §§ 14 og 15 i lov om barnehagar av 17.06.2005. Born og føresette må vere folkeregistrert i Giske kommune i perioden det blir søkt kontantstønad for. Stønaden gjeld for born i alderen frå og med månaden barnet fyller 25 månader, og til og med den månaden det fyller 34 månader.
Sum per månad frå 01.08.2020: kr 4 000,- per barn. Det er ikkje særskilde søknadsdatoar, men kommunal kontantstønad blir ytt frå månaden det blir motteke søknad for, og med tre månaders tilbakeverkane kraft.
Send søknad på elektronisk skjema (sjå nedanfor).
Dersom søknaden er mangelfull blir søknaden returnert til søkjar. Utbetaling av stønad skjer den 30. i månaden stønaden gjeld for. Stønaden blir utbetalt til den av foreldra som søkjer, og til kontonummer som er oppgitt i søknaden.
Gå til søknadsskjema.
Vedtekter kommunal kontantstønad. (PDF, 25 kB)
For søknad om kontantstønad til 1-åringar ta kontakt med NAV.
Publisert 08.02.2018 12.43