Kven har rett til barnehageplass?

Barn som fyller eitt år før 1.desember i det året det blir søkt om plass, har etter søknad rett til plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei ordning for foreldre med barn mellom eitt og to år, eller for adoptivbarn fram til barnet startar på skulen. Sjå NAV sine nettsider for søknadsskjema, vilkår og meir informasjon.

 

Kommunal kontantstøtte

Giske kommune yt kommunal kontantstøtte for barn i alderen 24 - 35 månader som ikkje nyttar barnehageplass. Sjå fleire vilkår og søknadsskjema via link øvst på sida.