Foreldrebetaling og moderasjonsordningar

Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Familiar kan ha rett på reduksjon i foreldrebetalinga i samsvar med gjeldande moderasjonsordningar.

Makspris

Maksprisen for ein barnehageplass er 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023. Maksprisen gjeld alle typar barne­hagar, både offentlege og private. Satsen blir fastsett av Stortinget. I tillegg kjem kostpengar.

Moderasjonsordningar


Har du fleire barn i barnehagen?

Dersom du har meir enn eitt barn i barne­hage i same kommune, skal kommunen sjå til at du får reduksjon i foreldre­betalinga; søsken­modera­sjon. Du skal få søsken­modera­sjon uavhengig av om barna går i ulike barnehagar, og i barnehagar med ulike eigarar.
 
Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon.

Har du låg inntekt?

Det er to modera­sjons­ordningar for familiar eller hus­haldningar med låg inntekt.

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldre­betalinga

Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hus­haldninga, skal du ha ein redusert pris.

Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inn­tekta si per barnehageplass. 

Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen fattar vedtak etter søknad.

Gratis kjernetid for 2, 3-, 4- og 5-åringar

Frå 1. august 2015 har alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skule­start, som bur i hus­haldningar med låg inntekt, rett til å få 20 timar gratis opphalds­tid i barne­hage per veke. 

Frå 1. august 2022 er inntektsgrensa for husstandar brutto løns- og kapitalårsinntekt lågare enn 598 825 kroner.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. august. Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.

Søknadsskjema finn du her