Vigra barnehage

Vigra barnehage ligg på Roald på Vigra i Giske kommune. Barnehagen ligg i eit roleg bustadområde med gangavstand til fjell, skog og mange flotte strender.

Giske kommune eig og driv barnehagen. Barnehagen har sin eigen "leirplass" i skogen like ved. Her er det lagt opp til leik og aktivitet året rundt. Her har barnehagen m.a. ei hytte der ein kan søke ly og ta eit avbrekk med inneaktivitetar i løpet av dagen. Alle gruppene har kvar sin utedag i veka. Denne dagen er Markeskogen deira faste base i kjernetida.

Telefonnummer til Vigra barnehage er 417 02 315