Kommunenivå

På kommunenivå skal modellen vise overordna strategiar, planar og føringar, verktøy, system og rutinar for samhandling som gjeld for hele kommunen sitt arbeid for å sjå og forstå barn og unge. 

Statlige føringar og lovverk

Fleire lovverk, forskrifter og retningslinjer gir føringar for korleis kommunen skal og bør arbeide for at alle barn og unge skal ha ein god oppvekst. Noko av dette er særleg relevant med tanke på å sjå, forstå og samhandle rundt utsette barn og unge.

Grunnlova §104

§ 104 slår fast at barn har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget. Den slår og fast at kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn ved handlingar og i avgjerder som vedkjem barn.  Paragrafen bygger på sentrale bestemmelsar i FNs barnekonvensjon.

Grunnlova § 104

FNs berekraftsmål

FNs berekraftsmål er verdas fyrste felles arbeidsplan for å løyse dei store globale problema, som å utrydde fattigdom, fjerne ulikskap og stoppe alvorlege klimaendringar innan 2030. Dei består av 17 hovedmål og 169 delmål. Berekraftsmåla skal fungere som felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.

Giske kommune tek del i denne planen og ser verdigrunnlag og arbeid i samanheng med berekraftsmåla. I oppvekstfeltet har ein løfta berekraftsmål  3 God helse og livskvalitet, 4 God utdanning og 10 Mindre ulikhet.

Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge

Nasjonalfaglig retningslinje for Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge er utarbeida av Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Politidirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet etter oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet. (Retningslinja erstatter veilederen Fra bekymring til handling (IS-1742).) Målet med retningslinja er å gi anbefalingar som skal styrke vår evne til å oppdage og handle ved uro og bekymring for barn og unge.  

Retningslinja inneheld tre anbefalingar knytt til kommunen sitt ansvar, og fire anbefalingar knytt til kunnskap og handling blant tilsette som arbeider med barn og unge.

Giske kommune vektlegg denne retningslinja og bruker blant anna anbefalingane systematisk i utarbeiding av Plan for forebygging av omsorgssvikt og adferdsproblem (planen er under utarbeiding, og lenke til den blir lagt inn her våren 2023).

Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier

Nasjonal veileder Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier er utarbeida av Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet. Bakgrunnen for veilederen er endringar og nye bestemmelsar i fleire velferdstenestelover. Veilederen omtalar samarbeidsplika på system- og individnivå, samordningsplikta, retten til barnekoordinator og retten til individuell plan. Dette er lovendirngar som trådte i kraft 1.august 2022.
Føremålet med veilederen er å forklare bestemmelsane nærmere, tydeliggjere ansvar og myndigheit, gi rettleiing om korleis ein tek i var desse pliktene, og skal vere eit prakitsk verktøy for implementering av bestemmelsane.

Giske kommune nyttar veilederen i arbeidet med å forstå lovkrava. Både lovkrava i seg sjølv og veilederen bidreg til å synleggjere og tydeleggjere behovet for denne samhandlingsmodellen.

Individuell plan, koordinator og barnekoordinator

Individuell plan
Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte teneste har rett til å få utarbeida individuell plan
(jf. sosialtjenesteloven § 28, NAV-loven § 15, helse- og omsorgstjenesteloven § 7-1, spesialisthelsetjenesteloven § 2-5, psykisk helsevernloven § 4-1, pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 og barnevernloven § 3-2a. Unge over 18 år som er deltakere i kvalifiseringsprogram har rett til individuell plan etter sosialtjenesteloven § 33.)

Planen skal vere eit dynamisk verktøy som gir enkel oversikt over situasjon og status. Giske kommune nyttar i dag Sampro i arbeidet med Individuell plan.

Reglene om rett til individuell plan etter dei ulike lovbestemmelsane er utdjupa i Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester - Lovdata. Individuell plan skal berre utarbeidast dersom personen sjølv ønsker det. Sjølv om reglane om individuell plan følger av ulike lover, skal tenestene berre lage éin individuell plan for kvart barn eller ungdom.

Koordinator
I nasjonal veileder for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator står omtalt kommunen si plikt til å tilby koordinator til pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Plikta til å tilby koordinator gjeld uavhengig av om pasient/brukar ønsker individuell plan. Koordinatoren skal sørge for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbodet og evt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator sine oppgåver er å sjå som helsehjelp. Koordinator samarbeider med fastlege, som har det medisinskfaglege koordineringsansvaret.

Les meir her: Koordinator i kommunen og spesialisthelsetjenesten

Barnekoordinator
Familiar som har eller venter barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester, har rett til barnekoordinator etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 c. Kommunen har plikt til å oppnevne barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a. Andre velferdstenester har plikt til å samarbeide med barnekoordinator når samarbeidsplikta på individnivå er utløyst.

Les meir her: Barnekoordinator

For å ha rett til barnekoordinator må barnet eller ungdommen ha alvorleg sykdom, skade eller nedsett funksjonsevne. Det er ikkje tilsvarande vilkår om psykisk og/eller fysisk tilstand for å ha rett til alminneleg koordinator. Vidare er det eit vilkår for å ha rett til barnekoordinator at barnet eller ungdommen har behov for både helse- og omsorgsteenester og andre velferdstenester. For å ha rett til alminnelig koordinator er det nok at barnet eller ungdommen har behov for helse- og omsorgstenester. Retten til barnekoordinator gjeld der barnet eller ungdommen er under 18 år. Det er inga øvre aldersgrense for alminnelig koordinator. Ein anna skilnad er at barnekoordinator kan oppnevnast før fødsel.  

Vilkåra for å ha rett til barnekoordinator er samla sett strengare enn for alminneleg koordinator. Til gjengjeld inneber barnekoordinator ei utvida koordinatorordning, fordi familien er rettssubjektet, ikkje berre pasienten eller brukaren. Familieperspektivet er imidlertid viktig også for alminnelig koordinator.

Kommunale føringar

Ulike kommunale styringsdokument regulerer og legg føringar for tenestetilbodet til barn og unge i Giske kommune. 

Giske kommune sitt verdigrunnlag

Giske kommune – ein engasjert medspelar. Verdigrunnlaget for dei tilsette i Giske kommune skal vere ei rettesnor i det daglege arbeidet og i møte med innbyggjarar og næringsliv. I det daglege skal arbeidet vere prega av

RESPEKT - gjennom å vere imøtekommande, påliteleg og imøtekomande

ENGASJEMENT – gjennom meiningsfylte oppgåver, arbeidsglede og trivsel

LØYSINGSVILJE – gjennom heilskapeleg tenking, kreativitet og handlekraft

KVALITET – gjennom klar kommunikasjon, læring/utvikling og kompetanse

Samfunnsplan

Ny samfunnsplan for Giske kommune blir politisk behandla i kommunestyre våren 2023. Giske kommune tek mål av seg til å vere ein god plass å leve heile livet. Kommunen skal vere eit trygt samfunn for alle og det er eit uttalt mål å hindre utanforskap. Samfunnsplanen har fokus på samskaping og medborgarskap, gode levekår for alle.

Kvalitetsplan for oppvekst

Kvalitetsplan for oppvekst 2023-2026, Det var bra eg kom, handlar om å arbeide saman for eit inkluderande fellesskap; sosialt, fagleg og kulturelt. Planen forpliktar Giske kommune til å ha FN sin barnekonvensjon som grunnlag for alt arbeid med våre barn og unge. Kvalitetsplanen vektlegg samhandling, inkludering og leiarutvikling.

Helse og omsorgsplan 2020-2025

Ein strategisk plan som skal gi retning for utvikling og prioriteringar i åra fram mot 2035. Alle tenestene vert nevnt med utfordringar og strategiar. Fokus på samspel, meistring og helse, digitalisering, tenesteutvikling, folkehelse, heilskap og livsløpsperspektiv. 

  • Ha eit tydeleg fokus på eit godt samarbeid med innbyggarane. Kommune 3.0
  • Prioritere tenesteinnovasjon, tenesteutvikling og teknologi for ei betre helse 
  • Rekruttere, utvikle og behalde tilsette med høg kompetanse 
  • Vi er gode lagspelarar og samarbeider med alle aktuelle partar
  • Legge til rette for godt koordinerte og heilskaplege brukarforløp, gjennom godt tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid 

Helse og omsorgsplan 2020-2025

Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050

Langsiktig strategisk plan for pleie og omsorg. Fokus på tidleg innsats, førebyggande arbeid og folkehelse. Brukarane skal bu i eigen heim og tenestene skal i større grad ytast gjennom ambulant og heimebasert teneste. Fokus på å styrkje tenester som ligg lavt i omsorgstrappa.

Overordna strategiar:

  • Heilskapleg bustadpolitikk for rett teneste, meistring og trivsel
  • Heilskapleg tenesteutvikling
  • Samskapingskommunen Giske

Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050

Budsjett - Handlings- og økonomiplan

Handlings og økonomiplanen gir føringar for samfunnsutviklinga, val og prioriteringar for den neste 4 årsperioden. Koordinerte tenester og rett kompetanse i tenesteområda er gitt som retning.

Handlings- og økonomiplan 2022 – 2025 - Giske Kommune

Plan for forebygging av omsorgssvikt og adferdsvansker

Barnevernsreforma regulerer barnevernet, men måla i reforma når ein først og fremst gjennom samtidige endringar i heile oppvekstsektoren. Dette er bakgrunn for at reforma no blir omtala som oppvekstreform. Reforma inneber enkelt sagt ei fagleg og økonomisk overføring frå stat til kommune, og incentiv og moglegheit for kommunen til å arbeide godt med forebygging, tidleg innsats og meir systematisk samarbeid på tvers av tenester.

Med reforma kom krav om å utarbeide plan for det forebyggande arbeidet. Denne planen er under utarbeiding og vil bli lagt ut her våren 2023. Planen tek utgangspunkt i anbefalingane i nasjonal faglig retningslinje for Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge.

Internkontroll

Internkontroll er eigenkontroll. Det vil seie den kontrollen kommunen fører med eigen verksemd. Interkontrollen er den administrative delen av eigenkontrollen.
Internkontroll er ei kvalitetssikring på at kommunen har system og rutiner som fungerer og som fanger opp problem og utfordringar i tide. Velfungerande internkontroll er ein føresetnad for at kommunedirektøren skal kunne ta i vare sitt ansvar etter kommunelova. 
Ein sentral del av internkontrollen er risikovurderingar og avvikshandtering. Risikovurderingar skal identifisere område der det er behov for innsats og styrka kontroll. Avvik er brudd på prosedyrer og forskrifter.

Kvalitetssystemet Compilo

Giske kommune nyttar i dag kvalitetssystemet Compilo. Dette inneber:

  • eit system for handtering av avvik
  • eit dokumentsenter til prosedyrer, skjema, maler, brukarrettleiingar, flytskjema m.m.
  • eit system for risikovurderingar med påfølgjande handlingsplan og oppfølging av oppgåver
  • ein GDPR-modul med flytskjema

Det er avgjort at Compilo skal være kommunen sitt heilskaplege kvalitetssystem. Det skal bli brukt av alle einingane. Systemet skal være staden ein tilsett går for å finne svar. Ligg det ikkje i Compilo, skal det stå i Compilo kor ein finn det. Compilo skal være systemet Giske kommune bruker til internkontroll.

Mål og strategi for arbeid med kvalitet og internkontroll i Giske kommune 2021-2024

Internkontroll er kvalitetssikring. Internkontroll skal sikre at kommunen har system og rutiner som fungerer, som er i tråd med avtalt nivå, metode, standardar og kvalitet. Internkontrollen skal og sikre at kommunen driv i samsvar med lover, forskrifter og instrukser.

Val av system, struktur og organisering av internkontrollarbeidet kan vere med å styrke koplinga til kvalitetsarbeidet. Dette kan til dømes handle om korleis ein sikrar at alle rutiner og prosedyrer er oppdaterte, tilgjengelege og førande for dagleg verksemd, om risikovurderingar vert gjennomført systematisk og strukturert, om avvik vert melde og fulgt opp med læring og forbetring, eller korleis ein implementerer dei ulike einingane sitt arbeid med kvalitet inn i kvalitetssystemet. Undersøking blant einingsleiarar og toppleiarar viser at mykje er på plass, men at kommunen fortsatt har ein veg å gå for å forbetre interkontrollen. 

Det er utarbeida tre mål og handlingsplan for å sikre framdrift i arbeidet. 

  • Mål 1: Implementering av Compilo til alle tilsette
  • Mål 2: Klar fordeling av roller og ansvar
  • Mål 3: God struktur i internkontrollarbeidet.

Meir informasjon om dette kan ein finne her: Mål og strategi for arbeid med kvalitet og internkontroll i Giske kommune 2021 - 2024 - Compilo (ksx.no)

Medverknad

Medverknad er viktig både i helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid. Ulike lover og forskrifter legg føringar for korleis kommunen skal og bør legge til rette for medverknad. Ein kan nytte ulike argument for å vektlegge medverknad, inkludert argument knytt til kvalitet på løysingane, læring, demokrati, effektivitet og ikkje minst verdien det har for folk si helse og livskvalitet. Gjennomgåande handlar dette om at vi som kommune skal understøtte arbeid og prosessar som gjer at innbyggjarar, tenestemottakarar, brukarar og pasientar får auka innverknad på eigen kvardag og eige liv. 

Råd for personar med nedsett funksjonsevne

Rådet for personar med funksjonsnedsetting er eit lovpålagt organ – jf. Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) - Kapittel 5. Kommunal organisering. Folkevalgte organer og Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personer med funksjonsnedsettelse og ungdom (forskrift om medvirkningsordninger).

Rådet har 6 medlemmer m/varamedlemmer og er samansett slik: - 3 medlemmer m/varamedlemmer frå dei funksjonshemma sine organisasjonar - 3 medlemmer m/varamedlemmer frå kommunestyret.

Rådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra til personar med funksjonsnedsetting. Dette gjeld m.a. tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av funksjonsnedsetting og tenester for personar med funksjonsnedsetting mv. Rådet skal ikkje handsame saker som gjeld einskildpersonar.

reglement-for-kommunale-organ-i-giske-kommune.pdf

Ungdomsråd

Hausten 2022 er nye engasjerte og unge rekruttert til Giske ungdomsråd. Ungdomsrådet er viktig taleorgan for ungdommane. Etter nokre år nedetid for rådet, er det derfor viktig og bra å få reetablert det lovpålagde ungdomsorganet. Politisk sekretær er koordinator for rådet. Første møtet var i desember 2022, og Ungdomsrådet skal formelt konstituerast i kommunestyremøte i februar 2023.
Medlemmane har fordelt ansvar for kontakt med elevråda ved dei ulike skulane.

Giske ungdomsråd - Hovedportal

Barn og unge sin representant

Barn og unge under 18 år har ifølge plan- og bygningslova rettar nedfelt i dei rikspolitiske retningslinene.

Giske kommune har gjort politisk vedtak (2009) om at kommunen skal utnemne ein representant som er barn og unge si røyst i plansaker. Det vil sei at barn og unge sine interesser for leikeplassar, friareal, akebakkar, ballplassar, fortau, gang- og sykkelvegar med meir blir sikra. Det politiske vedtaket slår fast at barn og unge sin representant er ein del av stillinga til pedagogisk konsulent for barnehage.

Brukarutval for helse og omsorgstenestene

Brukarutval for helse og omsorgstenestene vart oppretta i 2018. Utvalet består av sju medlemmar: 4 brukarar, 2 politikarar frå Livsløpsutvalet, kommunalsjef helse og omsorg og sekretær.

Mandat:
Sikre god dialog og informasjonsflyt mellom brukarane, dei tilsette, administrasjonen og politikarar
Vere rådgjevande i saker av felles karakter
Vere pådrivar for utvikling av helse- og omsorgstenestene i kommunen

Kommunalt foreldreutval

Kommunalt foreldreutval, KFU, skal vere talspersonar for alle føresette i grunnskulen. Medlemmane i KFU er leiar frå Foreldreutvala ved alle skulane. KFU deltek i dialog og samarbeid med kommunen i saker som omhandlar barn og unge på tvers av skulane. 

Møte omlag 4 gongar per år. 

Evaluering

Giske kommune får tilbakemeldingar og informasjon frå innbyggjarane via ulike kanalar. Noko via ulike råd og utval, og noko via ulike undersøkelsar og kartleggingar. 
For å sikre meir systematisk bruk av kunnskapen om barn og unge sin trivsel, helsetilstand, levekår og oppvekstmiljø er dette lagt inn i mandat og oppgåver for Samhandlingsteam for god oppvekst. 

Folkehelseprofil og oppvekstprofil
Kvart år lanserer Folkehelseinstituttet Folkehelseprofil og Oppvekstprofil. Kommunen nyttar desse til å skaffe kunnskap om trivsel og helsetilstand i befolkninga. 

Folkehelseprofil Giske kommune 2022 (PDF, 2 MB)
Oppvekstprofil Giske kommune 2022 (PDF, 2 MB)

​Ungdata
Ungdata er eit spørjeskjemabasert verktøy som inneheld spørsmål og tema knytta til familie, vennskap, skule, lokalmiljø, helse, mobbing, regelbrudd og fritid. Giske kommune har gjennomført undersøkinga på ungdomstrinnet i 2013, 2017 og 2021. Ungdata junior (5.-7. trinn) vart gjennomført i 2021. Ny undersøking er lagt til 2024. 

Resultata frå undersøkinga i 2013 og 2017 finn ein lese her: Kva er Ungdata? - Hovedportal (giske.kommune.no). Her er også informasjon om tolkearbeidet som vart gjort ilag med ungdommar i 2017/2018. Undersøkinga i 2021 er ikkje godt nok fulgt opp. Den planlagte undersøkinga i 2024 er derfor viktig, og ansvar for arbeid med den er lagt til Samhandlingsteam for god oppvekst. 

Kommunestatistikk
Møre og Romsdal Fylkeskommune utarbeider årleg kommunestatistikk for alle kommunane i fylket. Målet med kommunestatistikken er formidling av oppdatert relevant statistikk for bruk i kommunane sitt planarbeid. Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

For kvar kommune i fylket er det utarbeida ein presentasjon med grafisk framstilt statistikk av kommunen, sett i forhold til regionen, fylket og landet med bakgrunnsdata. Tema i kommunestatistikken er:
- Demografi (folketal, folketalsvekst og innvandring)
- Næringsstruktur og sysselsetting (sysselsetting, pendling og næringsstruktur)
- Vidaregåande utdanning (elev- og gjennomføringsstatistikk)
- Folkehelse, barnehage og sjukeheim (bruttoinntekt, utdanningsnivå og barnehage)
- Bustadar og hushald (bustadar, hushald og bustadbygging)
- Kommunal planlegging (tal på oppstartsvarsel for plansaker)

Kommunestatistikk (mrfylke.no)

​​

Samhandlingsteam for god oppvekst i Giske kommune

Arbeidet med å sikre gode oppvekstvilkår, oppdage og hjelpe barn og unge som treng hjelp er sektorovergripande. Derfor må kommunen ha ein sektorovergripande struktur som tek i vare heilskapen. Dette er bakgrunnen for at kommunen opprettar Samhandlingsteam for god oppvekst i Giske kommune. Samhandlingsteamet vil ha ansvar for at samhandlingsmodellen er oppdatert og fungerer som den skal. Teamet blir leia av kommunalsjef oppvekst og kommunalsjef helse og omsorg. 

Det er utarbeida ein Etableringsplan Samhandlingsteam for god oppvekst Giske kommune (DOCX, 2 MB). I planen ligg mandat, oppgåver, medlemmar og organisering av teamet. Etablering av teamet er lagt fram for Formannskap og skal behandlast i kommunestyret i februar 2023. 

Meir info

Når eit barn eller ein ungdom får utfordringar som strekk seg over fleire teneste og sektorar, vil det innebere at saka går på tvers av organisatoriske ansvarsområde. Saka kan ha fleire eigarar, men det er uklart kven som har ansvar for heilskapen. 
Sektorinndeling er på mange måtar naturleg, men som vi ser kan det vere ei barriere for god samhandling. Ein ser naturleg utfordringar, ansvar, tilnærmingar og tiltak ut frå eige fag, oppgåver, mandat, lovverk og ressurstilgong. Vi styrer tenestene våre, og forløp eller saker som strekk seg på tvers av tenester og sektorar kan vere utfordrande. I arbeidet med prosjektet Betre Tverrfagleg Samhandling er det blitt tydelegare for kommunen at dette er reelle utfordringar for tverrfagleg samhandling. Mål- og resultatstyring bidreg og til at ein fokuserer på å utføre eigne oppgåver, då det er her ein blir målt. Dette gjer det vanskeleg å sjå heilskapen i forløp som strekk seg over fleire ansvarsområde. 

Tverrfagleg halvdag

Samhandlingsteam for god oppvekst har som oppgåve å arrangere Tverrfagleg halvdag ein gong per år (veke 34?). Dette skal bidra til at tenestene lærer kvarandre å kjenne, og få auka forståing for kvarandre sine oppgåver og mandat. System for samarbeid på systemnivå legg grunnlag for betre samarbeid i enkeltsaker. På denne arenaen kan tenestene for barn og unge møte tenestene til vaksne og føresette.

Eit møtepunkt som dette vil og kunne vere arena for å følgje opp rapportering og saker meldt frå tenestene som omhandlar samarbeidet mellom verksemdene.

Ikkje minst vil eit møtepunkt som dette kunne nyttast til felles kompetanseheving, og til å utvikle felles verdiar, haldningar og kultur. Moglege tema for kompetanseheving og case-arbeid kan vere barn som pårørande, medverknad og foreldresamarbeid, traumer blant barn, vold/overgrep/omsorgssvikt, meldeplikt/opplysningsplikt/avvergingsplikt/samarbeidsplikt, koordinatorrolla, digital kvardag, tverrsektorielle utfordringar i kommunen, møteleiing osb.

Meir informasjon i Etableringsplan for Samhandlingsteam for god oppvekst. Samhandlingsteamet skal utarbeide rutine for Tverrfagleg halvdag og lenke til den her. 

 

Samarbeidsavtalar

Giske kommune har formelle avtalar med ulike eksterne verksemder som regulerer det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge. 

Samarbeidsavtale med Helseforetaket

Samarbeidsavtalen mellom Helse Møre og Romsdal HF (heretter kalt helseforetaket) og kommunen består av en hovedavtale og tilhørende delavtaler (per januar 2023, seks delavtalar). Ved inngåelse av avtalen oppfyller partene sin lovpålagte plikt til å inngå samarbeidsavtale.
Hovedavtalen angir overordnede bestemmelser om samarbeidsformer og generelle bestemmelser som gjelder uavhengig av tjenesteområder. Delavtalene gir mer detaljerte bestemmelser om konkrete pasientforløp, ansvars- og rollefordeling, partenes informasjons -og veiledningsansvar, finansiering, organisering, eventuelt behov for avklaring av arbeidsgiveransvar mv.

For å sikre gjennomføringen av avtalen er det etablert fleire samarbeidsfora:
- Partnerskapsmøte – nivå 1 i helsefellesskapet
- Strategisk samarbeidsutvalg – nivå 2 i helsefellesskapet
- Lokale samarbeidsutvalg – nivå 3 i helsefellesskapet
- Faglige samarbeidsutvalg – nivå 3 i helsefellesskapet

Formålet til dei faglige samarbeidsutvalga er å fungere som rådgivende organ og forvalte utøvelsen av dei ulike delavtalane. Ei av oppgåvene til dei faglege samarbeidsutvalga er å utarbeide handlingsplan som konkretiserer ansvar og oppgaver i kommuner og helseforetak. Handlingsplanen skal ha årlig revisjon, med evaluering av mål/tiltak/effekt.

Sak 107-20 - Revidert samarbeidsavtale.pdf (helse-mr.no)

Samarbeidsavtale med den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Avtalen regulerer samarbeidet og samarbedisformer mellom den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal fylkeskommune og Giske kommune. Avtalen skal sikre eit tverrfagleg samarbeid mellom etatane slik at dei som høyrer til dei prioriterte gruppene skal få eit godt tannhelsetilbod etter gjeldande lovverk og retningslinjer.

Websak id. 20/245