Etablerarprøva

Ynskjer du å starte ein serveringsstad, må du eller den som skal vere styrar, ha bestått etablerarprøva for serveringsverksemd. 

Når du ynskjer å ta prøva kontaktar du Servicetorget på tlf. 70188000 nokre dagar før, og får gjort avtale om tidspunkt. Det kostar 400 kroner å ta prøva, og du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen.

Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Du får 90 minutt til å svare på prøva. For å klare prøva må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon. Det er lov å ha med lovsamlingar, ikkje ordbøker.

Læremiddel

Det kan vere lurt å lese gjennom lærehefte før du tar prøva. Du kan kjøpe dette direkte frå www.vinn.no

I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektronisk test. og nettbasert kurs

Bevis på bestått prøve skal ligge ved søknad om serveringsløyve.