Alkoholsal og skjenkeløyve

 

Den som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha både serverings- og skjenkeløyve som kommunen gjev etter søknad.

I tillegg må du og din varastyrar har bestått etablerarprøva og kunnskapsprøva i alkohollova. Sjå under for meir informasjon om ambulerande skjenkeløyve.

Driv du ølsal i butikk må du har salsløyve for dette som du søker kommunen om. Styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova.

Vanlegvis gjeld sals- og skjenkeløyvet for gjeldande kommunestyreperiode i inntil 4 år, medan serveringsløyve gjeld til det vert sagt opp.

Alkoholpolitiske retningsliner for Giske 2015-19  (PDF, 990 kB)

Salsløyve for alkohol

Butikkar må ha salsløyve ved sal av drikke som inneheld mellom 2,5 og 4,7% alkohol. Løyve for sal av alkoholhaldig drikk gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode, og alle salsstader må difor søkje på nytt kvart 4. år. Kommunen sine reglar for tildeling av alkohol-løyve finst i "Alkoholpolitiske retningslinjer (PDF, 990 kB)" som er vedteke av kommunestyret.

Skjenkeløyve for alkohol

Den som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol (øl, vin eller brennevin) må ha både serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis gjeld skjenkeløyvet for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år, medan serveringsløyvet er evigvarande.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Kommunen vil innhente uttale frå politi og sosialtenesta.

Skjenkeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med

eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Løyve treng du normalt ikkje ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge det ikkje blir tatt betalt for drikke. Men all servering av alkohol mot vederlag krev at du har løyve.

For visse typar lokale, stader og samanhengar blir det som hovudregel kravd løyve for servering av alkohol, sjølv om det skjer utan vederlag. På slike stader er det òg forbode å drikke alkohol, med mindre det skjer i samsvar med eit innvilga skjenkjeløyve, jf. § 8-9.

  • Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkjestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Slikt løyve blir ofte gjeve til selskapslokale.
  • Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre til bestemte hendingar/arrangement som for eksempel festivalar og dansetilstellingar. Slikt løyve kan gjevast anten som alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

 

Kommunale gebyr for løyve (PDF, 2 MB)