Reiseliv og turisme

Giske kommune er eit ynda reise- og utfluktsmål for både innbyggjarar og tilreisande. Alnes fyr på Godøya er den mest besøkte attraksjonen i tillegg til Giske kyrkje på Giske. Skjonghellaren på Valderøya og fleire gravhaugar vitnar om busetting frå tidlegare tider.

Dei 4 øyane i Giske kommune er knytt saman med fastlandet og Ålesund by med eit undersjøisk tunnel- og brusamband. Kommunen er omlag 40 km2 stor, med omlag 8.300 innbyggjarar fordelt på øyane Giske, Godøya, Valderøya (kommunesenter) og Vigra. Eit unikt kystmiljø møter deg med storslått natur, idylliske fiskevær, gode fiskeplassar og kvite sandstrender. Historiske bygningar, gravfunn og fornminne fortel om busetnad på øyane i over 8000 år.
 

Fiske og jordbruk har skapt grunnlag for utvikling og vekst heilt fram til i dag. Mektige høvdingætter og adelsfamiliar har hatt sete på Giske. Skipsleia langs kysten gjorde Valderøya til ein viktig handelsstad frå 1600 åra.