Barnas og Ungdommens KommuneStyre i Giske (BUKS Giske)

BUKS Giske vart oppretta i 2017 etter ei evaluering av Giske ungdomsråd som hadde fungert i mange år. Rådet gir politikarane i kommunen råd i behandling av saker som gjeld barn og unge. Dei kan på eige initiativ ta opp saker som dei meiner er viktige. Dei innstiller til fordeling av ungdomsmidlane (kulturmidlar), vel utsendingar til Ungdommens Fylkesting (UFT) m.m.

Her finn du oversikt over medlemmane i rådet (XLSX, 11 kB) som kjem frå alle 7. - 10. klassene ved skulane i Giske. Funksjonstida er to år og dei blir valde på kvar enkelt skule.
 
 
BUKS eller eit medverknadsorgan for ungdom er heimla i §5 - 2 i kommunelova, jf også forskrift om medvirkningsorganer.